«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Jesaja 38

1  Ved det leitet vart Esekias so sjuk at det stod um livet. Og Esaias Amosson, profeten, kom til han og sa til han: So segjer Herren: Skipa alle ting til rettes i huset ditt! For du lyt døy; du fær ikkje leva lenger.

2  Då snudde Esekias andletet mot veggen og bad soleis til Herren:

3  Å, Herre, kom då i hug at eg hev ferdast for di åsyn i truskap og med heilt hjarta og gjort det som godt er i dine augo! Og han storgret.

4  Då kom det eit ord til han frå Herren; det lydde so:

5  Gakk og seg til Esekias: So segjer Herren, Gud åt David, far din: Eg hev høyrt bøni di og set tårone dine. Sjå, eg vil leggja femtan år attåt alderen din.

6  Og eg vil berga deg og denne byen frå assyrarkongen og veldet hans, og eg vil verna denne byen.

7  Og no skal du høyra kva merke Herren gjev deg på at han vil halda det han hev lova:

8  Sjå, eg let skuggen på solskiva, som hev gjenge ned med soli på solskiva åt Akas, ganga ti strek attende. Og soli gjekk attende ti av dei streki ho hadde gjenge ned.

9  Ein song som Esekias, Juda-kongen, skreiv då han hadde vore sjuk, men hadde kome seg av sjukdomen:

10  Eg sa: I mine beste år lyt eg fara igjenom helheimsportane; eg lyt bøta med resten av åri mine.

11  Eg sa: Eg fær ikkje sjå Herren, Herren i landet åt dei levande; eg fær ikkje skoda menneske meir millom dei som bur i stilla.

12  Min bustad vert upprykt og burtførd frå meg som eit hyrdingtjeld; eg hev rulla mitt liv i hop som ein vevar, frå varpet skjer han* meg av; frå dag til natt gjer du av med meg.

13  Eg roa mi sjel alt til morgons; som ei løva knasar han alle mine bein; frå dag til natt gjer du av med meg.

14  Som ei svala, ei trana, so sutra eg, eg kurra som ei duva; dimme såg mine augo mot høgdi: Eg er kvidefull, Herre, borga for meg!

15  Kva skal eg segja? Han hev sagt meg det, og han hev gjort det*; Stilt vil eg ferdast alle mine år etter all mi sjelekvida.

16  Herre, ved dei* lever menneskja, og dei held uppe alt liv i mi ånd; so gjer meg då frisk, og lat meg leva!

17  Sjå, til fred vart meg det beiske, ja det beiske, og kjærleg drog du mi sjel or tyningsgravi; for du kasta alle mine synder bak ryggen din.

18  For ikkje prisar helheimen deg, ikkje lovar dauden deg; ikkje vonar dei som fer ned i gravi, på truskapen din

19  Dei levande, dei levande, dei prisar deg, liksom eg i dag; ein far lærer borni sine um truskapen din.

20  Herren er reidug til å frelsa meg, og på mine strengeleikar vil me leika alle våre levedagar i Herrens hus.

21  Esaias sa dei skulde henta ei fikekaka og leggja til plåster på verken, so han skulde friskna til att.

22  Esekias sa*: Kva skal eg hava til merke på at eg skal ganga upp til Herrens hus?

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23