«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Jesaja 37

1  Som no kong Esekias høyrde det, reiv han sund klædi sine og sveipte seg i sekkety og gjekk inn i Herrens hus.

2  So sende han Eljakim, slottshovdingen, og Sebna, riksskrivaren, og dei eldste av prestane, sveipte i sekkety, til Esaias Amosson, profeten,

3  og dei sa til han: So segjer Esekias: Dette er ein dag som er vigd naud og tukt og vanæra; Fosteret er fullbore, men det finst ikkje makt til fødsli.

4  Kann henda Herren din Gud høyrer det Rabsake hev sagt, han som assyrarkongen, herren hans, sende til å hæda den levande Gud, so han refser han for dei ordi som Herren din Gud hev høyrt. So send då upp ei bøn for den leivningen som endå er att!

5  Då kongsmennene kom til Esaias,

6  sa han til dei: Ber desse ordi heim til herren dykkar: So segjer Herren: Du tarv ikkje reddast for dei ordi skuld som du fekk høyra, dei som sveinane åt assyrarkongen hædde meg med!

7  Eg vil skjota det i hugen hans at han fer heim att til sitt eige land for skuld ei tidend han fær, og der, i hans eige land, vil eg lata han falla for sverdet.

8  So drog Rabsake burt att. Han hadde høyrt at assyrarkongen var faren burt frå Lakis, og møtte han medan han heldt på og kringsette Libna.

9  Då fekk Kongen høyra at Tirhaka, kongen i Etiopia, hadde drege ut i herferd mot han. So sende han nokre menner til Esekias og sa:

10  So skal de segja til Esekias, Juda-kongen: Lat ikkje din Gud, som du set di lit til, få dåra deg, so du tenkjer: Jerusalem kjem aldri til å falla i hendene på assyrarkongen.

11  Du hev nok høyrt gjete kva kongane i Assyria hev gjort med alle andre land, at dei hev lagt dei i øyde - og so skulde du verta berga?

12  Hev dei folki som federne mine øydde, vorte berga av gudane sine - Gosan og Haran og Resef og Edens-borni i Telassar?

13  Kvar er no Hamat-kongen og Arpad-kongen og kongen i Sefarva'im-byen og kongane i Hena og Ivva?

14  Då Esekias hadde teke imot brevet av sendemennene og lese det, gjekk han upp i Herrens hus og breidde det ut for Herrens åsyn.

15  Og Esekias bad til Herren og sa:

16  Herre, allhers Gud, Israels Gud, du som tronar yver kjerubane! Einast du er Gud for alle rike på jordi, du hev skapt himmelen og jordi.

17  Halla øyra ditt hit, Herre, og lyd! Lat upp augo dine, Herre, og sjå! Høyr dei ordi som Sankerib sende og hædde den levande Gud med.

18  Ja visst er det so, Herre, at kongane i Assyria hev øydt alle folki og landi deira.

19  Dei hev kasta gudane deira på elden; for dei er ikkje gudar, men verk av mannehender - tre og stein; difor kunde dei gjera dei til inkjes.

20  Men berga oss no frå hans velde, Herre vår Gud, so alle rike på jordi kann sjå at einast du er Herren!

21  Då sende Esaias Amosson bod til Esekias med dei ordi: So segjer Herren, Israels Gud: Med umsyn på det du bad meg um mot Sankerib, Assur-kongen,

22  då er dette det ordet Herren hev tala um han: Ho vanvyrder deg, spottar deg, ungmøyi, Sions dotter; ho rister på hovudet etter deg, Jerusalems dotter.

23  Kven var det du hædde og spotta? Kven lyfte du røysti imot? Høgt lyfte du augo dine, mot Israels Heilage.

24  Ved dine sendemenn hædde du Herren og sa: Med mine tallause vogner for eg upp på dei høgste fjelli, til Libanons øvste tindar; der høgg eg dei høgste sedrar, dei gilde cypressar der stend; eg vinn meg fram til den øvste høgdi, den tettvaksne skogen der.

25  Eg grov brunnar og drakk av dei; med fotsolen min turkar eg ut alle Egyptar-lands elvar.

26  *Hev du 'kje høyrt at eg longe hev laga det so? Frå fordom hev eg fyreskipa dette. No hev eg late det ganga fram, so du fekk makt til å øyda faste byar og gjera dei til aude røysar.

27  Dei som budde der, vart veike og valne, dei fæltest og stod til skammar; dei vart liksom graset på marki og urtene grøne, liksom graset på taki og korn som er avsvide fyrr det hev skote.

28  Eg veit når du sit og gjeng ut eller inn, kor du slær deg vill imot meg.

29  Av di du er vill imot meg, og ditt ovmod hev nådd mine øyro, so set eg min ring i nosi di, mitt beisl millom lippone dine og driv deg attende den vegen du kom.

30  Og dette skal du* hava til merke: I år skal de eta korn som hev sått seg sjølv, eit anna år det som renn upp av roti; men tridje året skal de så og hausta og planta vinhagar og eta det dei ber.

31  Og det som er berga og lever att av Juda-ætti, skal skjota djupare røter nedantil og bera frukt ovantil.

32  For frå Jerusalem kjem ein flokk som er leivd, og frå Sions-fjellet ein hop som er berga; brennhugen åt Herren, allhers Gud, skal gjera dette.

33  Difor segjer Herren so um Assur-kongen: Han skal ikkje koma inn i denne byen og ikkje skjota nokor pil inn i han; han skal ikkje storma fram mot han med skjold og ikkje kasta upp nokon voll imot han.

34  Den vegen han kjem, lyt han fara attende; i denne byen slepp han ikkje inn, segjer Herren.

35  Eg vil verna denne byen og fria han ut for mi skuld og for Davids skuld, han som var tenaren min.

36  Og Herrens engel for ut og slo hundrad og fem og åtti tusund mann i assyrarlægret; då folk reis upp morgonen etter, fekk dei sjå at dei låg daude der alle i hop.

37  Då tok han ut og for heim att, Sankerib, Assur-kongen, og sidan heldt han seg i ro i Ninive.

38  Medan han so ein gong heldt bøn i templet åt Nisrok, guden sin, gjekk det so til at Adrammelek og Sareser, sønene hans, hogg han ned med sverdet. Dei kom seg undan til Ararat-landet, og Asarhaddon, son hans, vart konge etter han.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23