«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Jesaja 35

1  Øydemarki og turrlendet skal gleda seg, og den aude heidi skal fegnast og bløma som ei lilja.

2  Ho skal bløma og fegnast, ja fegnast og syngja med frygd; herlegdomen åt Libanon hev ho fenge, Karmels og Sarons pryda; dei skal sjå Herrens herlegdom, vår Guds pryda.

3  Styrk dei valne hender og gjer dei ustøde kne sterke!

4  Seg til dei urolege hjarto: Ver frihuga, ottast ikkje! Sjå, der er dykkar Gud! Hemnen kjem, vederlag frå Gud, han kjem sjølv og frelser dykk.

5  Då skal augo åt dei blinde verta opna, og øyro åt dei dauve verta upplatne;

6  då skal den lame springa som ein hjort, og tunga åt den mållause jubla. For kjeldor bryt fram i øydemarki, og bekker på den aude heidi,

7  og det gloande sandhavet skal verta til ein sjø, og det tyrste landet til vasskjeldor; på den staden der sjakalar låg og kvilde, veks sev og røyr.

8  Og der skal det vera ein brøytt veg, og dei skal kalla han den heilage vegen; ingen urein skal ganga på han, men han skal vera berre for hans folk; ingen vegfarande, ikkje dårar ein gong, skal fara vilt.

9  Der skal det ingi løva vera, og inkje rovdyr skal koma upp på han; dei skal ikkje finnast der; men dei utløyste skal ferdast der.

10  Og Herrens utløyste skal snu heim att og koma til Sion med fagnadrop, og æveleg gleda er det yver hovudet deira; frygd og gleda skal dei nå, og sorg og sukk skal fly.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23