«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Jesaja 33

1  Usæl du tynar som ikkje sjølv hev vorte tynt, og du ransmann som ingen hev rana ifrå! Når du er ferdig med å tyna, skal du sjølv verta tynt; når du hev slutta med å rana, skal andre rana frå deg.

2  Herre, ver oss nådig! På deg biar me; ver armen vår kvar morgon, ja vår frelsa i nauds tid.

3  For torerøysti rømer folki; når du reiser deg, vert heidningane spreidde.

4  Fengdi dykkar vert sanka, liksom skavaren* sankar; liksom engsprettone spring, spring dei etter det.

5  Upphøgd er Herren, for han bur i det høge; han fyller Sion med rett og rettferd.

6  Trygge tider skal koma for deg, ein fullnad av frelsa, av visdom og kunnskap; otte for Herren skal vera skatten åt det.

7  Høyr, løvekjempone* deira skrik der ute, fredsbodi græt sårt.

8  Ålmannvegane er aude, ferdafolk er der ikkje meir - han* hev brote pakti**, vanvyrdt byane***; ikkje vyrdt noko menneske.

9  Landet visnar og sjuknar burt; Libanon stend skjemd og visnar; Saron er som den aude mark, og Basan og Karmel rister lauvet av seg.

10  No vil eg standa upp, segjer Herren, no vil eg reisa meg, no vil eg ikkje sitja i ro lenger.

11  De skal ganga umhender med strå og føda halm, dykkar frøsing er ein eld som skal øyda dykk.

12  Og folkeslag skal verta brende til kalk, dei skal likjast avskoren klunger som vert uppbrend med eld.

13  Høyr, de som er langt undan, kva eg hev gjort og kjenn min styrke, de som er nær!

14  Syndarar skjelv på Sion, skjelte hev teke dei gudlause: Kven kann bu ved ein øydande eld? Kven kann bu ved ævelege bål?

15  Den som ferdast i rettferd og talar det som rett er, den som vanvyrder det ein vinn med urett og vald, den som held sine hender frå å taka mutor, stappar øyro att og vil ikkje høyra på blodråd, og som let augo att og vil ikkje sjå på det som vondt er,

16  han skal bu på høge stader, fjellborger er hans vern; sitt brød fær han, vatnet tryt ikkje for han.

17  Augo dine skal skoda kongen i hans herlegdom, dei skal sjå eit vidsveimt land.

18  Hjarta ditt skal tenkja på redsla: Kvar er han som skreiv upp? Kvar er han som vog pengane? Kvar er han som talde tårni?

19  Det ville folket skal du ikkje meir sjå, folket med det vande målet som ein ikkje kann skyna, med den stamande tunga som ein ikkje kann tyda.

20  Sjå på Sion, byen for våre høgtidsstemnor! Augo dine skal i Jerusalem sjå ein trygg bustad, eit tjeld som ikkje vert flutt; pålane vert aldri upprykte, og snorene slitnar aldri sund.

21  Men der skal me hava Herren, den veldige, i staden for breide åer og elvar; ingi rorskuta skal fara der, og ikkje noko veldigt langskip.

22  For Herren er domaren vår, Herren er vår lovgjerar, Herren er kongen vår, han skal frelsa oss.

23  Slakke heng togi dine*, dei evlar ikkje stydja mastri, dei held ikkje seglet utspana - då vert herfang bytt i mengd, jamvel dei lame ranar og plundrar.

24  Og ingen ibuar skal segja: Eg er sjuk. Folket som bur der, hev fenge si misgjerd forlati.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23