«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Jesaja 32

1  Sjå, med rettferd skal kongen råda, og hovdingane skal styra etter rett,

2  og kvar ein av dei skal vera som eit skyle for veret og ei livd mot sturtregn, som bekker i øydemarki, som skuggen av eit veldigt fjell i eit uppturka land.

3  Då skal augo åt dei som ser, ikkje vera blinde, og øyro åt dei som høyrer, skal vera grannhøyrde,

4  hjarto åt dei tankelause skal evla skyna; og tunga åt dei stame skal hava lett for å tala klårt.

5  Dåren skal ein ikkje meir kalla gjæv, og den svikfulle skal ein ikkje kalla hugstor.

6  For dåren talar dårskap, og hjarta hans finn på vondt; so gjer han vanheilag gjerd og talar forvende ting um Herren, han let den hungrige svelta og let den tyrste vanta drikka.

7  Og våpni åt den svikfulle er vonde; han tenkjer ut meinråder til å føra dei spaklyndte i ulukka med falske ord, og det når den fatige talar det som rett er.

8  Men gjævningen hev gjæve tankar, og han stend fast ved det som gjævt er.

9  De sorglause kvinnor, statt upp og høyr det eg segjer! De trygge døtter, vend øyra dykkar til min tale!

10  Um år og dag skal de skjelva, de trygge! For det er slutt med all vinberging, fruktonni kjem ikkje.

11  Vert forfærde, de sorglause! Skjelv, de trygge! Klæd dykk nakne og sveip sekk um dykkar lender!

12  Dei slær seg for bringa og klagar yver dei fagre marker, yver det fruktrike vintreet.

13  På åkrane åt mitt folk, skyt tornar og tistlar upp, ja yver alle gledehus i den jublande byen.

14  For slottet er tomt, mugen i byen er burte; haug* og vakttårn hev vorte til holor for ævelege tider, til frygd for villasen, til beite for bølingar -

15  til dess Anden vert utrend yver oss frå det høge, og øydemarki vert til grøderikt land, og grøderikt land vert rekna som skog.

16  Og rett skal bu i øydemarki, og rettferd skal hava sin heim på det grøderike landet.

17  Og rettferds verk skal vera fred, og rettferds frukt skal vera ro og tryggleik til æveleg tid.

18  Og folket mitt skal bu i freds bustad og i tryggleiks tjeld og på sorgfrie kvilestader.

19  Men det skal hagla når skogen* fell, og djupt skal byen kuast ned.

20  Sæle er de som sår attmed alle vatn, som slepper uksen og asnet på frifot!

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23