«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Jesaja 31

1  Usæle dei som fer ned til Egyptar-land etter hjelp og lit på hestar og stolar på vogner for di dei er so mange, og på hestfolk for di dei er so mannsterke, men ikkje vender augo til Israels Heilage og ikkje søkjer Herren!

2  Men han og er vis, han let ulukka koma, og ordi sine tek han ikkje i seg att; men han reiser seg mot huset åt dei vonde og mot dei som er hjelp for illgjerdsmenner.

3  Og egyptarane er menneske og ikkje Gud, og deira hestar er kjøt og ikkje ånd, og Herren skal retta ut handi si og hjelparen skal snåva, og den som hev fenge hjelp, falla; og dei skal alle saman ganga til grunns.

4  For so sa Herren til meg: Liksom ei løva, ei ungløva, burar yver rovet sitt, um ein heil flokk hyrdingar sankar seg imot henne, og ho skræmest ikkje av skriket deira og vert ikkje redd for ståket, soleis skal Herren, allhers Gud, fara ned og strida mot Sions fjell og mot Jerusalems-haugen.

5  Liksom fuglane breider ut vengene sine, soleis skal Herren, allhers Gud, verja Jerusalem, verja og frelsa, ganga framum* og berga.

6  Vend um til han som de er so djupt falne frå, de Israels-born!

7  For i den tidi skal kvar ein av dykk kasta frå seg sine sylvgudar og gullgudar, som dykkar hender hev gjort dykk til å synda med.

8  Og Assur skal falla for eit sverd som ikkje høyrer ein mann til, og eit sverd som ikkje høyrer eit menneske til, skal øyda han, og han skal røma for sverdet, og hans unge menner skal verta trælar.

9  Og berget* hans skal røma i redsla, og fyrstane hans skal skræmast burt ifrå fana si, segjer Herren, han som hev elden sin i Sion og omnen sin i Jerusalem.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23