Profeten Jesaja 30
1 Usæle dei trassige born, segjer Herren, dei som fullfører råd som ikkje er frå meg, og gjer avtale utan min Ande, so dei legg synd til synd,
2 dei som fer av stad til Egyptar-land og hev ikkje rådspurt meg - dei vil finna vern hjå Farao og søkja livd i skuggen av Egyptar-land.
3 Men Faraos vern skal verta dykk til skam, og livdi i skuggen av Egyptar-land til skjemd.
4 For fyrstane deira* er komne til Soan**, og sendebodi deira kjem radt til Hanes;
5 alle vert dei til skammar ved eit folk som ikkje gagnar dei, som ikkje er til hjelp og ikkje til bate, men berre er til skam og skjemd.
6 Framsegn um dyri som dreg mot sud. Gjenom eit land med naud og trengsla, der løva og løvemor, hoggorm og fljugande seraf-orm hev heimen sin, fører dei eigedomen sin på asenrygg og skattane sine på kamelkrugg til eit folk som ikkje gagnar dei.
7 Aldri nokon gong vil Egyptar-land hjelpa; difor kallar eg det: storskrytaren som sit still.
8 Gakk no inn, skriv det på ei tavla medan dei ser på, og teikna det inn i ei bok, so det kann vera for komande dagar, for alltid, til æveleg tid!
9 For det er eit trassigt folk, ljugarborn, born som ikkje vil høyra Herrens lov,
10 som segjer til sjåarane: De skal ikkje sjå, og til profetane: De skal ikkje skoda for oss det som rett er; tala smeikjande til oss, skoda synkvervingar,
11 vik burt frå vegen, tak ut av stigen, få Israels Heilage burt frå augo våre!
12 Difor segjer Israels Heilage so: Etter di de hev vanda dette ordet, og set dykkar lit til vald og krokvegar og studt dykk på slikt -
13 difor skal denne misgjerdi verta dykk som ein falleferdig mole som skyt seg lenger og lenger fram på ein høg mur, til dess muren brått, i ein augneblink, brotnar ned og vert krasa.
14 Han vert krasa liksom ein krasar krusty, som ein slær sund utan skånsel, so det millom molane ikkje finst eit brot til å henta eld med frå gruva eller ausa vatn med av brunnen.
15 For so sa Herren, Israels Gud, Israels Heilage: Dersom de vender um og held dykk stille, skal de verta frelste; i stilla og i tillit skal dykkar styrke vera. Men de vilde ikkje.
16 De sa: Nei, på hestar vil me fljuga - difor skal de fly - og på snøggføtte dyr vil me rida - difor skal forfylgjarane dykkar vera snøgge.
17 Eit tusund skal røma for trugsmål frå ein mann; berre fem mann trugar, skal de røma til dess dykkar leivning er lik ei flaggstong på toppen av eit fjell og eit merke på ein haug.
18 Difor biar Herren med å vera dykk nådig; og difor held han seg langt burte i det høge med si miskunn mot dykk; for Herren er doms Gud; Sæle er alle dei som biar på han!
19 For du folk som bur på Sion, i Jerusalem, du må ikkje gråta meir; han vil vera deg nådig når du ropar um hjelp; når han høyrer det, svarar han deg.
20 Herren skal gjeva dykk trengsels-brød og fengsels-vatn*, og då skal lærarane dine ikkje meir løyna seg, men augo dine skal sjå lærarane dine,
21 og når du vik av til høgre eller til vinstre, skal øyro dine høyra det ordet bak deg: Dette er vegen, gakk på den!
22 Og du skal halda for ureint sylvplatone på dine utskorne bilete og gyllingi på ditt støypte bilete; du skal kasta det burt som skitne fillor; ut med deg! skal du segja til det.
23 Då skal han gjeva regn for sædet som du sår i jordi, og brød av grøda på jordi, og det skal vera både kraftigt og saftigt; den dagen skal bufeet ditt beita på ei vid eng.
24 Og uksane og asni som arbeider jordi, skal eta salta blandingsfôr, som vert kasta med skufl og kastegreip.
25 Og på kvart høgt fjell og på kvar høg bakke skal det vera bekker, straumar av vatn, på den store slakte-dagen, når tårni fell.
26 Og måneljoset skal verta som solljoset, og solljoset skal verta sju gonger klårare, som ljoset for sju dagar, den dagen då Herren lækjer skaden som folket hans hev fenge, og bind um såret av slaget det fekk.
27 Sjå, Herrens namn kjem langt burtanfrå, brennande er vreiden hans, og tung er røyken som stig upp; lippone hans svell av harm, og tunga hans er som øydande eld,
28 og vreidepusten hans er som ei yverfløymande å som når til halsen; han vil sælda heidningfolki i tyningssåldet og leggja eit beisl i munnen åt folki til å leida dei vilt.
29 Dykkar song skal ljoda som i den natti då høgtidi* vert innvigd, og det skal vera hjartans gleda, som når de gjeng med fløytespel upp til Herrens fjell, til Israels berg.
30 Og Herren skal lata si veldige røyst ljoda og syna sin nedfarande arm i brennande harm og øydande eldsloge, storm og støyteregn og hagl.
31 For røysti åt Herren skal Assur verta forfærd, han som slær med kjeppen.
32 Og kvar gong staven som Herren etter si rådgjerd let falla på han, fer ned, skal det ganga fyre seg med klang av trummor og citarar, og gong på gong skal han lyfta sin arm og strida imot han.
33 For ei brandtuft er longe tilbudd; for kongen og er ho tilbudd, djup og vid; bålet hennar hev eld og ved i mengd; lik ein svovelstraum set Herrens ande det i brand.