Profeten Jesaja 3
1 For sjå, Herren, Israels Gud, allhers Gud, tek burt frå Jerusalem og Juda studnad og stav, kvar studnad av brød og kvar studnad av vatn,
2 kjempa og stridsmann, domar og profet, spåmann og styresmann,
3 femtimanns-førar og kvar høgvyrd mann, rådsherre og handverksmeister og trollkunnig mann.
4 Og eg skal setja born til styrarar yver dei, og gutehått skal råda yver dei.
5 I folket skal den eine trælka den andre, kvar mann sin næste; guten skal setja seg upp imot den gamle, fanten mot fagnamannen.
6 Når då ein mann tek fat på ein annan i huset åt far hans og segjer: Du hev ei kåpa, du skal vera styraren vår, og denne ruinen* skal du hava velde yver,
7 då skal han svara so: Eg vil ikkje vera lækjar, og i mitt hus er korkje brød eller klæde; de skal ikkje setja meg til styrar yver folket.
8 For Jerusalem snåvar, og Juda fell, av di dei i ord og gjerd stend Herren imot, dei trassar hans herlegdoms augo.
9 Sjølve andletssvipen deira vitnar imot dei, og liksom folket i Sodoma talar dei utan dulsmål um syndi si; usæle sjelene deira, for dei valdar seg sjølve ulukka!
10 Seg um den rettferdige at det gjeng han godt! For han skal njota frukti av sine gjerningar.
11 Usæl den ugudlege! Han gjeng det ille, og det hans hender hev gjort, skal verta gjort mot han sjølv.
12 Styrarane yver mitt folk er born, og kvinnor råder yver det. Mitt folk! Førarane dine fører deg vilt, og den vegen du skal fara, hev dei øydelagt.
13 Herren stig fram og vil føra sak, han stend og vil døma folki.
14 Herren held rettargang med sitt folks styresmenner og hovdingar: De hev gnege vingarden snaud! De hev ran frå fatigfolk i husi dykkar!
15 Korleis kann de trakka ned mitt folk og knasa dei fatige? segjer Herren, Israels Gud, allhers Gud.
16 Og Herren sa: Av di Sions døtter briskar seg og gjeng med bratt nakke og spelar med augo, og gjeng og trippar og ringlar med fotringane sine,
17 so skal Herren gjera kruna skurvut på Sions døtter, og Herren skal nækja deira blygsla.
18 På den dagen tek Herren frå dei all stasen deira: Fotringane og solene* og halvmånane**,
19 øyredobbone og armbandi og sløri,
20 hovudpryda og fotkjedone og belti og lukteflaskone og amulettane,
21 signetringane og naseringane,
22 høgtidsbunadene og kåpone og kasteplaggi og pungane,
23 speglane* og dei fine serkene og huvone og florsløri.
24 Og det skal verta illtev i staden for balsam, reip i staden for belte, fleinskalle i staden for krusa krullor, trong sekk i staden for vid kåpa og svidmerke i staden for venleik.
25 Mennene dine skal falla for sverd, og kjempone dine i striden.
26 Og portane hennar* græt og læt, og snaudplundra sit ho på marki.