«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Jesaja 29

1  Usæl Ariel*, Ariel, du by der David slo læger! Legg år til år, lat høgtidene ganga sin rundgang!

2  Då vil eg gjera det trongt for Ariel, og der skal vera sorg og jammer; men so skal det* verta meg eit verkeleg Ariel.

3  Eg vil slå læger rundt ikring deg, og eg vil ringa deg inne med vaktpostar og byggja vollar imot deg.

4  Då skal du tala lågmælt frå jordi, og frå moldi skal du mulla fram ordi dine; og røysti di skal høyrast frå jordi liksom frå ein som manar daudingar, og frå moldi skal talen din kviskra.

5  Men so skal hopen av fiendane dine verta som dumba, og flokken av valdsmennene som fjukande agner, og det skal henda i ein augneblink, dåtteleg.

6  Frå Herren, allhers Gud, skal heimsøkjing koma med bulder og bråk og med veldig dun, kvervelvind og storm og øydande eld.

7  Og alle dei mange heidningfolki som strider mot Ariel, skal verta som ein draum, ei syn um natti, alle dei som strider mot det og borgi i det, og som trengjer seg inn på det.

8  Og det skal ganga liksom når den svoltne drøymer og tykkjer han et, men når han vaknar, då er han tom, og liksom når den tyrste drøymer og tykkjer at han drikk, men når han vaknar, sjå, då er han maktlaus, og sjeli hans ormektast; soleis skal det ganga alle dei mange heidningfolki som strider mot Sions-fjellet.

9  Stir på kvarandre, og vert øre! Stir dykk blinde, og ver blinde! De er drukne, men ikkje av vin; de ragar, men ikkje av sterk drykk.

10  For Herren hev rent ut yver dykk ei tung svevns ånd, og han hev late att augo dykkar, profetane, og sveipt yver hovudi dykkar, sjåarane.

11  Og soleis hev syni av alt i hop vorte dykk som ordi i ei forsigla bok; Rettar ein henne til ein som skynar skrift, og segjer: Les dette! so segjer han: Eg kann ikkje, for ho er forsigla.

12  Eller ein retter boki til ein som ikkje skynar skrift, og segjer: Les dette! so segjer han: Eg skynar ikkje skrift.

13  Og Herren segjer: Etter di dette folket held seg nær til meg med munnen og ærar meg med lippone, men held hjarta sitt langt burte frå meg, og deira otte for meg er eit menneskebod som dei hev lært,

14  sjå difor vil eg halda ved med å fara underleg åt med dette folket, underleg og ovunderleg, og visdomen åt deira vismenner skal forgangast, og vitet åt deira vituge menner skal løyna seg.

15  Usæle dei som vil løyna i dypti for Herren det som dei hev fyre seg, og som gjer gjerningane sine i myrkret, og som segjer: Kven ser oss, og kven kjenner oss?

16  Å kor rangsnudde de er! Er pottemakaren å rekna lik med leiret hans, so verket kunde segja um han som gjorde det: Han hev ikkje gjort meg, og det som er laga, segjer um han som laga det: Han hev ikkje vit på det?

17  Berre eit lite bel endå, so skal Libanon verta til grøderik mark, og den grøderike marki verta rekna som skog.

18  På den dagen skal dei dauve høyra ordi i boki, og ut frå dimma og myrker skal augo åt dei blinde sjå,

19  Og dei spaklyndte skal gleda seg dess meir i Herren, og dei fatige millom menneski fegnast i Israels Heilage;

20  for burte er valdsmannen, og ute er det med spottaren, og utrudde vert alle som er årvake til å gjera urett,

21  dei som gjer folk til syndarar for eit ord skuld og legg snaror for den som hevdar retten på tinget, og som med uppdikt rengjer retten for den rettferdige.

22  Difor segjer Herren so til Jakobs hus, Herren som løyste ut Abraham: No skal Jakob ikkje verta til skammar, og no skal han sleppa å verta bleik i andletet;

23  for når han og borni hans ser det mine hender hev gjort midt ibland dei, då skal dei helga namnet mitt, og dei skal helga Jakobs Heilage, og Israels Gud skal dei ottast.

24  Dei som for vilt i si ånd, skal læra vit, og dei som mukkar, skal taka mot lærdom.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23