Profeten Jesaja 28
1 Usæl den stolte kruna åt dei drukne mennene i Efra'im og den folnande blomen, den fagre prydnaden, som brikjer yver den feite dalen*, der dei ligg drukne av vin.
2 Sjå, Herren sender ein som er sterk og veldig*, lik ein hagl-eling, ein øydande storm; lik eit fløde av veldige, yverfløymande vatn slær han alt til jordi med makt.
3 Med føter skal ho verta nedtrakka, den stolte kruna åt dei drukne mennene i Efra'im,
4 og med den folnande blomen, den fagre prydnaden, som brikjer yver den feite dalen, skal det ganga som med den fika som er mogi fyrr sommaren er komen: So snart ein ser henne, set ein henne til livs, medan ein endå held henne i handi.
5 I den tidi skal Herren, allhers Gud, vera ei fager krune og ein storgild krans for leivningen av sitt folk,
6 og ei doms ånd for den som sit til doms, og styrke for dei som driv krigen attende til porten*.
7 Men ogso dei som er her*, ragar av vin og sjanglar av sterk drykk. Prest og profet ragar av sterk drykk, er dauddrukne av vin, sjanglar av sterk drykk. Dei ragar når dei hev syner, dei sjanglar når dei dømer;
8 for alle bordi er fulle av ufyseleg spy, det finst ikkje ein rein flekk.
9 Kven* er det han vil læra kunnskap, og kven er det han vil få til å skyna bodskapen sin? Er det born som nett er avvande, tekne frå brjostet?
10 For gnag og gnag*, gnag og gnag, gnål og gnål, gnål og gnål, noko her og noko der.
11 Ja vel, ved folk med stamande lippor og i eit framandt tungemål skal han tala til dette folket,
12 han som sa til dei: Dette er ro, lat den trøytte få kvila, og dette er kvild. Men dei vilde ikkje høyra.
13 So skal då Herrens ord verta dei gnag og gnag, gnag og gnag, gnål og gnål, gnål og gnål, noko her, noko der, so dei skal ganga og detta baklenges og verta sundbrotne og bundne og fanga.
14 Difor høyr Herrens ord, de spottarar, de som er herrar yver folket her i Jerusalem!
15 Av di de segjer: Me hev gjort ein avtale med dauden og eit samband med helheimen; når den susande svepa fer fram, skal ho ikkje nå oss; for me hev gjort lygni til livd og svikråd til skjol åt oss -
16 difor segjer Herren, Israels Gud: Sjå eg hev lagt i Sion ein grunnstein, ein prøvd stein, ein dyrverdig, fast grunna hyrnestein; den som trur, tek det med ro*.
17 Og eg vil gjera rett til mælesnor og rettferd til lodd, og hagl skal riva burt lygnlivdi, og skylet skal vatnet skylja burt.
18 Og dykkar avtale med dauden skal verta stroken, og dykkar samband med helheimen skal ikkje standa fast; når den susande svepa fer fram, skal de verte nedtrakka.
19 Kvar gong ho fer fram, skal ho riva dykk burt; kvar morgon skal ho fara fram, både dag og natt, og den reine skræma vert det når de skynar bodskapen;
20 for sengi er for stutt til å strekkja seg i og åklædet er for smalt til å sveipa seg i.
21 For Herren skal reisa seg liksom ved Perasin-fjellet, han skal harmast liksom i dalen ved Gibeon; Han skal gjera sitt verk, eit underleg verk, han skal gjera sitt arbeid, eit sjeldsynt arbeid.
22 Og no, lat vera med å spotta, so bandi dykkar ikkje skal verta stramare! For um øyding og fastsett straffedom yver heile jordi hev eg høyrt frå Herren, Israels Gud, allhers Gud.
23 Vend øyra til og høyr mi røyst, gjev gaum og høyr kva eg segjer!
24 Når plogmannen vil så, held han då stødt på med å pløgja og fora og horva si jord?
25 Når han hev jamna åkeren, spreier han ikkje då dylla og karve og sår kveite i rader og bygg på den avmerkte staden og spelt i kanten?
26 Hans Gud hev synt han den rette måten, han lærde han det.
27 For ein treskjer ikkje dylla med treskjeslede, rullar ikkje vognhjul yver karve; men med stav bankar ein dylla og karve med kjepp.
28 Vert vel brødkorn krasa? Nei, ein treskjer det ikkje stødt, og når ein driv sine vognhjul og sine hestar yver det, so knusar ein det ikkje.
29 Ogso dette kjem frå Herren, allhers Gud. Han er underfull i råd, stor i visdom.