Profeten Jesaja 27
1 I den tidi skal Herren med sverdet sitt, det harde og store og sterke, heimsøkja Leviatan, den flogsnare draken*, og Leviatan, den krøkjande draken, og han skal drepa ubeistet som ligg i havet**.
2 I den tidi [skal de kveda]: Det finst ein yndeleg vingard; syng um han!
3 Eg, Herren, er vaktaren hans, kvar augneblink vatnar eg han; eg vaktar han dag og natt, so ingen skal heimsøkja han.
4 Vreide hev eg ikkje mot han. Hadde eg tornar og tistlar mot meg i strid, då skulde eg rjuka på dei og brenna dei upp alle i hop -
5 utan so dei vilde søkja vern hjå meg, gjera fred med meg, ja gjera fred med meg.
6 I komande dagar skal Jakob røta seg, Israel bløma og få renningar, og dei skal fylla jordheimen med frukt.
7 Hev vel Herren slege Israel so hardt som han slo den som slo han? Eller vart han drepen liksom fiendane hans vart drepne?
8 Med måte refste du folket då du jaga det frå deg. Herren dreiv det burt med sitt harde ver den dagen austanvinden bles.
9 Difor vert og misgjerdi åt Jakobs utsona, og det at syndi hans vert burtteki, gjev fullmogi frukt, når alle altarsteinane vert krasa som kalksteinar, og Astarte-bileti og solstolpane ikkje reiser seg meir.
10 For den faste byen ligg i øyde, ein folketom bustad, aud som øydemarki. Kalvar beiter der og hev der si lega og et av kvistene;
11 når greinene hev vorte turre, bryt dei dei av, kvinnfolki kjem og nører upp eld med dei. For dette er ikkje noko vitugt folk; difor miskunnar deira skapar dei ikkje, og han som laga dei, er dei ikkje nådig.
12 Og det skal henda i den tidi at Herren skal halda ei frukthausting alt frå Storelvi* til Egyptar-lands-bekken, og de, Israels born, skal verte sanka, ein for ein.
13 Og det skal henda i den tidi at dei skal blåsa i ein stor lur, og då skal dei koma dei burtkomne i Assurs land og dei burtdrivne i Egyptar-landet, og dei skal tilbeda Herren på det heilage fjellet i Jerusalem.