«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Jesaja 24

1  Sjå, Herren tømer jordi og øyder henne; han brigder hennar skapnad og spreider dei som bur på henne.

2  Då gjeng det presten som folket, herren som trælen, matmori som trælkvinna, seljaren som kjøparen, lånaren som utlånaren, okraren som skuldmannen hans.

3  Tømd, ja uttømd skal jordi verta og plundra, ja plundra; for Herren hev tala dette.

4  Jordi syrgjer og visnar burt, jordheimen sjuknar og visnar burt; storingane på jordi sjuknar burt.

5  Og jordi er vanhelga under dei som bur der; for dei hev brote lovene, gjort imot bodet, brote den ævelege pakti.

6  Difor øyder forbanning jordi, og bøta lyt dei som bur på henne; difor brenn jordbuane, so berre få folk vert leivde.

7  Druvesafti tek skade, vintreet sjuknar burt; sukka lyt alle som fyrr var so hjarteglade.

8  Det er slutt med gleda ved trummeljod og slutt med ståket av dei som jublar; det er slutt med gleda ved citarklangen.

9  Syngjande tømer dei ikkje vinstaupet meir; beisk er den sterke drykken for dei som drikk.

10  Nedbroten er den aude byen; stengt er kvart hus, so ingen kann ganga inn.

11  Dei jamrar seg på gatone yver vinen; all gleda er burte, landlyst er gaman or landet.

12  Berre øyding er att i byen, og porten ligg krasa i røys.

13  For so skal det ganga til millom folki på jordi som når oljebær vert nedslegne, som ved etterhaustingi, når det er slutt med vinbergingi.

14  Dei*, dei skal lyfte røysti si og ropa med fagnad; yver Herrens herlegdom fegnast dei frå havet.

15  Æra difor Herren, de som bur i Auster-land, æra namnet åt Herren, Israels Gud, de som bur på havsens øyar*!

16  Frå ytste jaren åt jordi høyrer me lovsongar: Æra vere den Rettferdige! Men eg segjer: Eg gjeng til, eg gjeng til, usæl eg! Ransmenner ranar, ja, ransmenner ranar og herjar.

17  Gru og grav og garn yver deg, du som bur på jordi!

18  Og det skal ganga so at den som flyr for det gruelege bråket, skal falla i gravi, og den som kjem upp or gravi, skal verte fanga i garnet; for himmelslusone er opna, og grunnvollane åt jordi skjelv.

19  Jordi brest og knest, jordi rivnar og klovnar, jordi skjek og skjelv.

20  Sjangla skal jordi som drukken mann og verta slengd att og fram som ei hengjekøy, misgjerdi hennar skal tyngja henne ned, og ho skal falla og ikkje reisa seg meir.

21  I den tidi skal Herren heimsøkja himmelheren i høgdi og jordkongane nedpå jordi,

22  og dei skal sankast som fangar i hola og setjast fast i fangehuset, og langt um lenge skal dei få si straff.

23  Og månen skal blygjast og soli skjemmast; for Herren, allhers Gud, råder på Sions-fjellet og i Jerusalem, og framfor augo på hans styresmenner er det herlegdom.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23