Profeten Jesaja 23
1 Framsegn um Tyrus. Jamra dykk, de Tarsis-skip! For de er lagt i øyde, so det ikkje finst hus der lenger, og de ikkje kann koma heim att meir; frå Kittims land fær dei fretnad um det.
2 Tagna, de som bur på havstrandi som sjøfarande kjøpmenner frå Sidon fyllte!
3 Av Sihor-sædet*, av Nil-grøda, som dei førde yver det store havet, gjorde det** seg vinning, og det var ein marknad for folki.
4 Men statt no der med skam, du Sidon! For so segjer havet, havborgi: Eg hev ikkje vore barnsjuk, og hev ikkje født born, og ikkje ale unge menner eller fostra ungmøyar.
5 Når dei fær høyra um dette i Egyptar-land, so skal dei skjelva ved fretnaden um Tyrus.
6 Far yver til Tarsis og jamra dykk, de som bur på havstrandi!
7 Er dette dykkar glade by, som vart til i eldgamle dagar, og som av føtene sine vert boren til land langt burte til å vera gjest der?
8 Kven hev sett seg dette fyre mot Tyrus, mot henne som deilte ut kongekrunor - der som kjøpmennene var fyrstar og kræmarane høyrde med til stormennene på jordi?
9 Herren, allhers Gud, er den som hev sett seg det fyre, han vilde vanhelga all skrøytande herlegdom og vanæra alle stormenner på jordi.
10 Flød yver landet ditt liksom elvi*, du Tarsis-dotter! Det finst inkje band meir.
11 Han hev rett ut handi si yver havet, han hev fenge kongerike til å skjelva; Herren hev bode at borgene i Kana'ans-landet skulde øydeleggjast.
12 Han sa: Du skal ikkje meir få gama deg, du valdtekne møy, Sidons dotter! Tak ut og far yver til Kittim! Ikkje der heller skal du finna kvild.
13 Sjå landet åt kaldearane, dette folket som fyrr ikkje var til - Assur hev gjort landet deira til bustad for villdyri - dei reiser no upp kringsetjingstårni sine, dei riv ned slotti i byen* og gjer han til ein grushaug.
14 Jamra dykk, de Tarsis-skip! For borgi dykkar er lagd i øyde.
15 I den tidi skal Tyrus gløymast i sytti år, ein kongealder; men når sytti år er lidne, skal det ganga med Tyrus som det heiter i visa um skjøkja:
16 Tak din citar og gakk ikring i byen, du gløymde skjøkja! Rør strengene fagert, syng visa på visa, so dei kann koma deg i hug!
17 Når dei sytti åri er lidne, skal Herren lydast til Tyrus, og ho skal atter få taka imot skjøkjeløn og driva utukt med alle kongeriki på den vide jord.
18 Men handelsvinsten hennar og skjøkjeløni skal vera helga til Herren, det skal ikkje leggjast upp eller gøymast; for dei som bur for Herrens åsyn, skal få denne vinsten og bruka han til å eta seg mette og klæda seg i prydelege klæde for.