«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Jesaja 22

1  Framsegn um Syne-dalen*. Kva er på ferd, sidan alt folket ditt hev stige upp på taki?

2  Du bråkande, du ståkande by, du jublande by! Dine falne menner er ikkje slegne med sverd, ikkje drepne i strid.

3  Hovdingane dine hev alle saman rømt sin veg, utan bogeskot hev dei vorte fanga. Dei som fanst i deg, hev vorte fanga alle saman, endå dei hadde rømt langt burt.

4  Difor segjer eg: Sjå burt ifrå meg! Eg lyt gråta sårt. Truga ikkje trøyst på meg for at folket mitt hev vorte tynt!

5  For ein dag med støkk og nedtrakking og forfjetring kjem frå Herren, allhers Gud i Syne-dalen*; murar vert nedbrotne, og naudrop stig mot fjellet.

6  Elam* ber pilehus, dreg fram med stridsmenn på vogner og hestfolk, og Kir** hev nækt skjoldane.

7  Dei fagraste dalane dine vert fyllt med stridsvogner, og hestfolk tek støde framfor portane.

8  So tek Herren sveipet burt frå Juda. Då ser du deg um etter herbunaden i skoghuset*,

9  og de ser at Davidsbyen hev mange rivnor, og de samlar upp vatnet i Nedredammen;

10  de tel husi i Jerusalem og de riv ned husi og vil gjera muren traust;

11  og imillom båe murane gjer de ein kulp for vatnet frå Gamledammen; men de skodar ikkje upp til han som gjorde dette*, og han som longe sidan tenkte det ut, ser de ikkje.

12  Herren, Israels Gud, allhers Gud kallar dykk den dagen til gråt og øying, til å raka hovudet og sveipa dykk i syrgjeklæde.

13  Men her er gleda og gaman, ukseslakting og saueslakting, kjøteting og vindrikking; [dei segjer:] Lat oss eta og drikka, for i morgon døyr me!

14  Men i øyro mine ljomar openberringi frå Herren, allhers Gud: Den syndi fer de ikkje sona so lenge de lever, segjer Herren, Israels Gud, allhers Gud.

15  So segjer Herren, Israels Gud, allhers Gud: Gakk til denne drottseten Sebna, han som stend fyre huset, og seg:

16  Kva hev du her å gjera, og kven hev du her, sidan du her hev hogge deg ut ei grav, du som høgg deg ut ei grav på so høg ein stad, holar deg ut ein bustad i berget?

17  Sjå, Herren skal slengja deg langt av leid, du mann! Han skal rulla deg i hop til ein klump,

18  han skal vinda deg saman til eit nysta og kasta deg som ein ball ut på vidvangen; dit skal du, og der skal du døy, og dit skal dei gilde vognene dine koma, du skamflekk for huset åt herren din!

19  Eg vil støyta deg ned frå romet ditt, og frå posten din skal du verta avjaga.

20  Og på den dagen vil eg kalla på Eljakim Hilkiasson, tenaren min,

21  og eg vil klæda han i din bunad og binda beltet ditt um han og gjeva di makt i hans hender, og han skal vera ein far for dei som bur i Jerusalem og for Juda-huset.

22  Og eg vil leggja lykelen til Davids hus på herdi hans, og når han let upp, skal ingen læsa att, og når han læser att, skal ingen lata upp.

23  Eg vil setja han som ein nabb i ein fast vegg, og han skal verta eit æresete for farshuset sitt.

24  Og dei skal hengja på han heile tyngdi av farshuset hans, renningar og villrenningar, alle småkjeraldi, både fati og alle krukkone*.

25  På den dagen, segjer Herren, allhers Gud, skal nabben i den faste veggen losna; han skal ganga av og detta ned, og byrdi som hekk på han, skal krasast; for Herren hev tala.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23