«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Jesaja 21

1  Framsegn um Hav-øydemarki*. Som framfarande stormar i sudlandet kjem det frå øydemarki, frå det øgjelege landet.

2  Ei hard syn er meg kunngjord: Ransmannen ranar, og herjaren herjar. Drag upp, du Elam*! Treng på, du Media! Kvar ein sukk gjer eg ende på.

3  Difor er mine lender fulle av verk, eg hev fenge rider liksom ei kvinna som skal føda. Eg vrid meg so eg ikkje kann høyra, eg er forfærd so eg ikkje kann sjå.

4  Hugen min er forvildra, redsla hev teke meg. Kvelden, som eg stunda etter, hev han* gjort til redsla for meg.

5  Dei dukar bord, vakti vaker, dei et og drikk - upp, hovdingar, smyr skjoldane!

6  For so sa Herren til meg: Gakk og set ut vaktmannen! Det han fer sjå, skal han melda.

7  Og ser han ei skreid av ridarar, par um par, ei skreid av asen, ei skreid av kamelar, so skal han merka seg det, grant merka seg det.

8  Då ropa han som ei løva: Herre, her stend eg på vakt so lang dagen er, og vert verande på min post natt etter natt;

9  men sjå, no kjem her ei skreid av ridande menner, ridarar par um par! - Og han tok til ords og sa: Falle, falle hev Babel, og alle avgudsbileti deira hev han* krasa og kasta til jordi.

10  Å, du mitt knuste, mitt sundtreskte folk! Det eg hev høyrt av Herren, allhers Gud, Israels Gud, det hev eg kunngjort for dykk.

11  Framsegn um Duma*. Til meg ropar dei frå Se'ir: Vaktmann, kva lid det med natti?

12  Vaktmannen svarar: Morgonen kjem, men natti og. Vil de spyrja*, so spør - kom att!

13  Framsegn mot Arabia. I skogen i Arabia skal de natta, de ferdafylgje av dedanitar!

14  Ut til dei tyrstande kjem dei med vatn; dei som bur i Tema-landet, kjem imot dei rømande med brød;

15  for dei flyr undan sverdet, undan det dregne sverdet og den spente bogen og undan den tunge ufreden.

16  For so hev Herren sagt til meg: Um eit år, so som leigekaren reknar året, skal det vera ute med all herlegdomen åt Kedar.

17  Og lite skal det då vera att av bogane åt kjempone i Kedar; for Herren, Israels Gud, hev tala.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23