Profeten Jesaja 20
1 Det året då Tartan kom til Asdod, den gongen Sargon, assyrarkongen, sende han dit, og han stridde mot Asdod og hertok byen -
2 i den tidi tala Herren gjenom Esaias, son åt Amos, soleis: Upp, løys hårkyrtelen* av lendene dine og drag skorne av føtene dine! Og han gjorde so og gjekk naken** og berrføtt.
3 Då sa Herren: Liksom Esaias, tenaren min, hev gjenge naken og berrføtt, og no i tri år hev vore eit teikn og eit varsel um Egyptar-land og Etiopia,
4 soleis skal kongen i Assyria lata fangane frå Egyptar-land og dei burtførde frå Etiopia, både unge og gamle, fara av stad nakne og berrføtte og med berr bak, til skjemsla for Egyptar-land.
5 Då skal dei verta forfærde og skjemmast yver Etiopia, som dei sette si von til, og yver Egyptar-land, som dei var byrge av.
6 Og dei som bur på denne strandi*, skal segja i den tidi: Soleis gjekk det med dei me sette vår von til, med dei me flydde til etter hjelp so me kunde verta berga frå assyrarkongen. Korleis kann då me koma undan?