Profeten Jesaja 19
1 Framsegn um Egyptar-land. Sjå, Herren fer fram på lette sky og kjem til Egyptar-land. Då skjelv avgudane i Egyptar-land for han, og hjarta åt egyptarane brånar i brjostet.
2 Og eg vil eggja upp egyptar mot egyptar, so bror skal strida mot bror og ven mot ven, by mot by og rike mot rike.
3 Og vitet åt egyptarane skal kverva or hjarta deira, og eg vil gjera deira råd til inkjes; dei skal søkja til avgudane og trollmennene og daudingmanarane og spåmennene sine.
4 Eg skal gjeva egyptarane i hendene på ein hard herre, og ein streng konge skal råda yver dei, segjer Herren, Israels Gud, allhers Gud.
5 Og vatnet i havet* kverv, og elvi grynnest og turkast ut.
6 Elvane tevjar, kanalane minkar og turkast ut, røyr og sev visnar.
7 Engjane frammed elvi, på elvebakken, og alt åkerland langs elvi turkast upp, fyk burt og kverv.
8 Fiskarane klagar, og alle dei som kastar krok i elvi, syrgjer, og dei som set garn i vatnet, stend modlause.
9 Dei som yrkjer med hekla lin, vert til skammar, og dei som vev fint kvitt ty.
10 Landsens grunnpilarar er nedbrotne; alle dei som arbeidar for løn, er hugsjuke.
11 Berre dårar er hovdingane i Soan; dei visaste millom rådgjevarane åt Farao gjev fåvise råd. Korleis kann de då segja til Farao: Eg er ætta frå vismenner, frå kongane i gamletidi?
12 Kvar er då vismennene dine, at dei kann vitra deg um og skyna kva Herren, allhers Gud, hev etla seg til å gjera med Egyptar-land?
13 Nei, fyrstane i Soan hev vorte dårar, fyrstane i Nof hev vorte til narr, og ættehovdingane hev ført Egyptar-land på villstig.
14 Herren hev rent ut ei svimringsånd i dei, so dei hev ført Egyptar-land vilt i alle tiltak, liksom ein drukken mann ragar um i spyet sitt.
15 Egyptar-land skal ikkje hava framgang med noko av sine tiltak, anten det so er hovud eller hale, palmegrein eller sev som tek seg det fyre.
16 I den tidi skal Egyptar-land vera som kvinnor, det skal bivra og reddast for den lyfte handi åt Herren, allhers Gud, som han svingar imot det.
17 Og Juda-landet vert ei redsla for egyptarane; so ofte nokon nemner det for dei, skal dei skjelva for den rådgjerd Herren, allhers Gud, tek imot det.
18 I den tidi skal det vera fem byar i Egyptar-landet som talar Kana'ans tungemål og sver Herren, allhers Gud, truskap; ein av dei skal heita Ir-Haheres*.
19 I den tidi skal det vera eit altar for Herren midt i Egyptar-landet, og ein minnestein for Herren ved landskilet.
20 Det skal vera til eit merke og eit vitne i Egyptar-landet for Herren, allhers Gud; når dei ropar til Herren for trælkarane skuld, skal han senda dei ein frelsar og stridsmann og berga dei.
21 Og Herren skal gjera seg kjend for Egyptar-land, og egyptarane skal kjenna Herren i den tidi, og dei skal bera fram slaktoffer og matoffer og gjera lovnader til Herren og halda dei.
22 Herren skal slå Egyptar-land, slå, men og lækja, og når dei vender um til Herren, skal han bønhøyra dei og lækja dei.
23 I den tidi skal det vera ein brøytt veg frå Egyptar-land til Assyria, og assyrarane skal koma til Egyptar-land, og egyptarane til Assyria, og egyptarane skal tena Herren saman med assyrarane.
24 I den tidi skal Israel vera tridjemann i sambandet med Egyptar-land og Assyria, ei velsigning midt på jordi,
25 for di Herren, allhers Gud, hev signa det og sagt: Signa vere Egyptar-land, mitt folk, og Assyria, verket av mine hender, og Israel, min arv!