Profeten Jesaja 18
1 Høyr, du land med dei surrande venger*, du land burtanfor elvane i Etiopia,
2 du som sender bodberarar yver havet* og i røyrbåtar yver vatnet! Gakk av stad, de snøgge sendemenner, til det rakvaksne folket med glansande hud, til folket som dei ottast vida ikring, folket som stødt brukar mælesnor** og trakkar ned, folket i det landet som vert gjenomskore av elvar!
3 Alle de som i mannheimen byggjer og på jordi bur: Når dei reiser merke på fjelli, so sjå til, og når luren ljomar, so høyr etter!
4 For so sa Herren til meg: Logn vil eg skoda ned frå min bustad når lufti er brennheit ein solskinsdag, når skyi sender dogg i den heite skurdtidi.
5 For fyrr hausten er inne, når blømingi er slutt, og blomen fer til å mognast til druva, då skjer han av rankane med hageknivar, og kvistene høgg han av og hev burt.
6 Dei vert alle saman gjevne åt rovfuglane på fjelli og åt villdyri i landet; um sumaren skal rovfuglane halda til der, og um vinteren alle villdyr i landet.
7 I den tidi skal skal det berast gåver fram til Herren, allhers Gud, frå det rakvaksne folket med glansande hud, frå folket som dei ottast vida ikring, folket som stødt brukar mælesnor og trakkar ned, folket i det landet som vert gjenomskore av elvar - til den staden der namnet åt Herren, allhers Gud, bur, til Sions-fjellet.