Profeten Jesaja 16
1 Send landsherren dei lamb han skal hava, frå Sela igjenom øydemarki til fjellet åt Sions dotter!
2 Som flaksande fuglar, som fuglungar, skræmde or reiret, skal Moabs døtter vera attmed vadi yver Arnon.
3 Gjev råd, finn utveg åt oss! Lat skuggen din vera som natti, no midt på ljose dagen! Gjev livd åt dei burtdrivne, svik ikkje dei som flyr!
4 Lat mine burtdrivne born finna tilhald hjå deg! Ver ei livd for Moab i mot tynaren! For det er ute med valdsmannen, øydeleggjingi fær ende, og trælkarane fer or landet.
5 Då skal kongsstolen verta grunnfest ved mildskap, og ein konge skal sitja trygt på han i Davids tjeld, ein fyrste som fer etter det som rett er, og som fremjar rettferd.
6 Me hev høyrt um Moabs ovstore ovmod, um hans byrgskap, ovmod og storlæte, um hans tome skryt.
7 Difor skal Moab jamrar yver Moab, alle skal jamra seg; yver druvekakone i Kir-Hareset skal dei sukka i djup ørvæna.
8 For Hesbons marker hev visna, og Sibma-vintreet*, som med sine soldruvor slo folkehovdingane** til jordi; rankane nådde radt til Jaser og villa seg ut i øydemarki; greinene breidde seg ut og for yver havet.
9 Difor græt eg med Jaser yver Sibma-vintreet; med tårone mine vatnar eg deg, Hesbon, og deg, El'ale! For yver din frukthaust og din vinhaust slær fagnadrop* ned.
10 Gleda og fagnad kverv or aldehagane, og i vingardane høyrest ikkje gledesongar eller fagnadrop; ingen trakkar druvor i persone; fagnadropet* let eg tagna.
11 Difor bivrar mitt brjost for Moab som citarstrenger, og mitt hjarta for Kir-Heres.
12 Og når Moab viser seg på offerhaugen og møder seg ut der, og han gjeng til heilagdomen sin og bed*, so vinn han inkje med det.
13 Dette er det ordet som Herren fordom tala mot Moab.
14 Men no talar Herren so: Innan tri år - so som ein leigekar reknar åri - skal Moabs herlegdom vera lite vyrd, endå der er so mykje folk, og leivningen som er att, skal vera liten og vesal, ikkje mykje verd.