Profeten Jesaja 15
1 Framsegn um Moab. Ja, på ei natt vert Ar-Moab øydelagt og gjort ende på; ja, på ei natt vert Kir-Moab øydelagt og gjort ende på.
2 Dei stig upp til huset* og til Dibon på offerhaugane og vil gråta; på Nebo og på Medeba skal Moab jamra seg; kvart hovud er snaudt, kvart skjegg avraka.
3 På gatone sveiper dei sekk um seg; på tak og på torg skal alle jamra og lata tårone fløyma.
4 Hesbon og El'ale klagar høgmælt, so det høyrest radt til Jahas. Difor jamrar og hermennene åt Moab seg, Moabs sjel skjelv.
5 Hjarta mitt klagar yver Moab, rømingane hans flyr radt til Soar, triårskviga; for gråtande gjeng dei uppetter bakken til Luhit, og på vegen til Horona'im jamrar dei høgt yver øydeleggjingi.
6 Nimrimsvatni vert øydemarker; graset turkast upp, brodden visnar, eit grønt strå er ikkje meir å sjå.
7 Difor ber dei det som dei hev drege saman, sitt uppsparde gods, yver Vierbekken*.
8 Ja, klageropi gjeng yver alt Moabs land; til Egla'im når deira våling, og til Be'er-Elim;
9 for Dimonsvatni er fulle av blod. Ja, endå meir vil eg lata koma yver Dimon: ei løva yver dei som er berga av Moab, yver leivningen i landet.