«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Jesaja 14

1  For Herren skal miskunna Jakob og endå ein gong velja ut Israel og lata dei setja bu i landet deira; og utlendingar skal sameina seg med dei og halda seg til Jakobs hus.

2  Og folkeslag skal taka dei og føra dei heim att; men Israels hus skal få dei til eigedom i Herrens land og gjera dei til trælar og trælkvinnor. Dei skal få fangevaktarane sine til fangar og råda yver valdsherrane sine.

3  På den dagen då Herren gjev deg kvild for di møda og din angest og frå den harde trældomen som vart lagd på deg,

4  då skal du røysta i med denne spottevisa um kongen i Babel og kveda: Sjå kva ende det hev teke med valdsherren, med trengslestaden!

5  Herren hev brote sund staven til dei ugudlege, kongsstaven åt hardstyrarane,

6  som slo folkeslag i harm og med slag på slag, som bøygde folk under seg i vreide og forfylgde dei utan nåde.

7  All jordi nyt no kvild og ro; dei set i med fagnadrop.

8  Jamvel cypressane gleder seg yver deg, sedrane på Libanon: Sidan du fall og vart liggjande, stig ingen hitupp og høgg oss ned.

9  Helheimen der nede vert uroa for di skuld, når han skal taka imot deg; for di skuld vekkjer han daudingar, alle fyrstane på jordi; han får alle folkekongane til å reisa seg frå sine kongsstolar.

10  Alle so tek dei til ords og segjer til deg: So er du og vorten maktlaus som me, no er du vår like!

11  Ned til helheimen hev din herlegdom sokke, brusen frå dine harpor; du ligg på ei roti lega, hev makkar til yverbreidsla.

12  Kor er du ikkje fallen frå himmelen, du strålande stjerna, du son til morgonroden! Kor er du ikkje felt til jordi, du som slo ned folkeslag!

13  Det var du som sa i hjarta ditt: Eg vil stiga til himmels, høgt yver Guds stjernor vil eg reisa kongsstolen min, eg vil setja meg på gude-ting-fjellet lengst uppe i nord,

14  eg vil stiga upp um skytoppane og gjera meg lik den Høgste.

15  Nei, til helheimen skal du fara, lengst ned i svartaste hola.

16  Dei som ser deg, skal stira på deg, undrast yver deg og segja: Er dette den mannen som skok jordi og fekk kongerike til å skjelva,

17  han som gjorde jordkringen til ei øydemark og reiv ned byane der, og som aldri gav fangane heimlov?

18  Folkekongane dei ligg alle vyrdeleg gravlagde, kvar i sitt hus;

19  men du er slengd burt, langt frå gravi di, som ei vanvyrd grein; du ligg yverbreidd med drepne, som er slegne med sverd, og som vert kasta ned i ei steingrav - lik ein nedtrakka daudskrott.

20  Du fær ikkje koma i grav som dei; for landet ditt hev du øydt, og folket ditt hev du drepe; illgjerdsmenns elde skal aldri meir nemnast.

21  Gjev sønene hans til dreping for misgjerdi åt deira feder! Ikkje skal dei få reisa seg og eigna til seg jordi og fylla verdi med byar.

22  Eg vil reisa meg imot dei, segjer Herren, allhers Gud, og eg skal rydja ut or Babel både namn og leivning, både born og barneborn, segjer Herren.

23  Og eg vil gjera det til heim for bustyvelen og fylla det med søkkjemyrar, og eg skal sopa det burt med tynings-sopa, segjer Herren, allhers Gud.

24  Herren, allhers Gud, hev svore og sagt: I sanning som eg hev tenkt, soleis skal det verta, og det eg hev sett meg fyre, det skal hava framgang.

25  Eg vil krasa Assur i landet mitt og trakka han under fot på fjelli mine. So skal åket hans verta burtteke, og byrdi hans verta lyft av herdane deira.

26  Dette er den råd som Herren hev teke mot all jordi, og dette er den hand som er utrett mot alle folk.

27  For Herren, allhers Gud, hev avgjort det, kven kann gjera det um inkje? Hans hand er det som er utrett; kven kann venda henne burt?

28  Det året kong Akas døydde, kom denne framsegni:

29  Gled deg ikkje, alt Filistar-land, for di staven som slo deg, er sundbroten. For or roti åt hoggormen skal det koma fram ein basilisk, og hans frukt er ein fljugande seraf-orm*.

30  Dei armaste av dei arme skal finna rikleg føda, og dei fatige få kvila i trygd; men di rot skal eg drepa med hunger, og leivningen av deg skal han* slå i hel.

31  Jamra deg, du port! Øya deg, du by! Skjelv av redsla, alt Filistar-land! For nordantil kjem ein røyk, og i fiendeskarane er det ingen som ligg etter.

32  Kva skal me då svara sendemennene frå heidningfolki? - At Herren hev grunnfest Sion, og at der finn armingane i folket hans livd.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23