«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Jesaja 11

1  Men ein kvist skal renna or Isai-stuven, og ein renning frå hans røter skal bera frukt.

2  Og Herrens Ande skal kvila yver han, Anden med visdom og vit, Anden med råd og styrke, Anden som gjev kunnskap um Herren og otte for han.

3  Han skal hava sin hugnad i otte for Herren, og han skal ikkje døma etter det augo ser, og ikkje skifta rett etter det øyro høyrer,

4  men han skal døma armingar med rettferd, og skifta rett med rettvisa for dei smålåtne på jordi, og han skal slå jordi med riset i sin munn og drepa den ugudlege med anden frå lippone sine.

5  Rettferd skal vera beltet um lendene og truskap beltet um mjødmane hans.

6  Då skal ulven bu saman med lambet, og leoparden liggja i lag med kjeet, og kalven og ungløva og gjødfeet skal semjast saman, og ein smågut skal gjæta dei.

7  Kui og bjørnen skal beita saman, ungane deira skal liggja i lag, og løva skal eta halm som ein ukse.

8  Sogbarnet skal leika seg innved bolet til hoggormen, og barnet som nyst er avvant, skal retta handi ut yver hola åt basilisken.

9  Ingen skal gjera vondt eller ugagn på heile mitt heilage fjell; for landet er fyllt av kunnskap um Herren, liksom vatnet fyller havdjupet.

10  I den tidi skal heidningfolki søkja til rotrenningen av Isai, som stend til ei fane for folkeslag; og bustaden hans skal vera herleg.

11  I den tidi skal Herren endå ein gong retta ut handi og vinna leivningen av folket sitt, dei som vert berga frå Assyria og Egyptar-land og Patros og Etiopia og Elam og Sinear og Hamat og havstrendene.

12  Og han skal reisa ei fana for folki og samla dei burtdrivne menner av Israel og sanka saman dei spreidde kvinnor av Juda frå heimsens fire hyrno.

13  Då skal Efra'ims ovund kverva, og dei som tek på Juda, skal verta utrudde; Efra'im skal ikkje hysa ovund mot Juda og Juda ikkje taka på Efra'im.

14  Og dei skal slå ned* på herdi åt filistarane i vest, og sameinte skal dei taka herfang av austmennene. På Edom og Moab skal dei leggja hand, og Ammons-borni skal lyda dei.

15  Og Herren skal bannstøyta viki av Egyptarhavet og svinga handi yver elvi*, med sin sterke storm, og han skal kløyva henne i sju bekker, so ein kann ganga yver med skor.

16  So skal det vera ein brøytt veg for leivningen av folket hans, dei som vert berga frå Assyria, liksom det var for Israel den dagen dei drog upp frå Egyptar-landet.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23