«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Jesaja 1

1  Dette er dei syner som Esaias, son åt Amos, fekk um Juda og Jerusalem i dei dagane då Ussias, Jotam, Akas og Esekias var kongar i Juda.

2  Høyr, de himlar, og lyd etter, du jord! For Herren talar: Born hev eg ale og fostra, men dei hev falle frå meg.

3  Ein ukse kjenner eigarmannen sin, og eit asen krubba åt herren sin; Israel kjenner inkje, mitt folk er skynar inkje.

4  Usælt det syndige folket, det skuldtyngde folket, eit elde av illgjerdsmenner, rangsnudde born! Dei hev vraka Herren, vanvyrdt Israels Heilage og snutt ryggen til han.

5  Kvi vil de hava endå meir hogg? Kvi held de ved med fråfallet dykkar? Kvart hovud er sårt, og kvart hjarta er sjukt.

6  Frå hovud til hæl finst det ikkje noko heilt, berre flengjor og flerror og nyhogne sår, som ikkje er reinsa og ikkje umbundne og ikkje mykte med olje.

7  Landet dykkar er ei øydemark, byane dykkar er brende; jordi dykkar et framande upp framfor augo på dykk, og alt ligg i øyde, som når framande hev herja.

8  Berre Sions dotter er att som ei lauvhytta i ein vingard, som eit vaktarskjol på ei agurkmark, som ein kringsett by.

9  Hadde ikkje Herren, allhers Gud, unnt oss ein liten leivning, då var me som Sodoma, me såg ut som Gomorra.

10  Høyr Herrens ord, de Sodoma-fyrstar! Lyd etter vår Guds lov, du Gomorra-folk!

11  Kva skal eg med alle slaktofferi dykkar? segjer Herren; eg er mett av brennoffer av verar og av gjødkalvefeitt, og blod av uksar og lamb og bukkar hev eg ikkje hug på.

12  Når de kjem og vil syna dykk for mi åsyn, kven hev då kravt det av dykk at de skal trakka ned mine fyregardar?

13  Ber ikkje fram fleire fåfengelege matoffer! Angen av dei er ein styggedom for meg. Nymåne og sabbat, høgtidsstemma - høgtid og urett i hop, det toler eg ikkje.

14  Dykkar nymånar og høgtider hatar mi sjel, dei hev vorte meg ei byrd; eg er trøytt av å bera dei.

15  Og når de retter ut hendene dykkar, gøymer eg augo mine for dykk; kor mykje de bed, so høyrer eg ikkje; hendene dykkar er fulle av blod.

16  Tvætta dykk, reinsa dykk, få dykkar vonde åtferd burt frå augo mine, haldt upp med å gjera det som vondt er!

17  Lær å gjera godt, legg vinn på det som rett er, vis valdsmannen på rett veg, hjelp den farlause til retten hans, før saki åt enkja!

18  Kom og lat oss føra sak med einannan, segjer Herren; um syndene dykkar er som purpur, so skal dei verta kvite som snø; um dei er raude som skarlak, so skal dei verta som den kvite ull.

19  Er de viljuge og lyder, so skal de få eta det gode i landet,

20  men er de uviljuge og trassige, so skal sverdet eta dykk upp; for Herrens munn hev tala.

21  Kor ho hev vorte ei skjøkja, den trufaste byen! Full av rett var han, rettferd budde der inne, og no - mordarar!

22  Sylvet ditt hev vorte til slagg, vinen din er blanda med vatn;

23  dine styresmenner er upprørsmenner og held lag med tjuvar; alle so elskar dei mutor og jagar etter gåvor; den farlause hjelper dei ikkje til retten hans, og saki åt enkja hev dei ikkje umsut for.

24  Difor segjer Herren, Israels Gud, allhers Gud, Israels Veldige: Ve! Eg vil sløkkja harmen min på mine uvener og taka hemn yver fiendane mine.

25  Og eg vil taka meg av deg att og reinsa ut ditt slagg som med lutsalt og skilja ut alt ditt bly.

26  Og eg vil atter gjeva deg slike domarar som i fyrstningi og slike rådsherrar som du hadde fyrr; sidan skal du heita rettferds-byen, ein trufast by.

27  Ved rett skal Sion verta utløyst, og ved rettferd dei som umvender seg der.

28  Men undergang skal råma alle illgjerdsmenner og syndarar, og dei som vender seg frå Herren, skal ganga til grunns;

29  for dei skal få skam av dei eikene som er dykkar hugnad, og de skal standa til skammar med dei hagane som de held so gjæve;

30  for de skal verta som ei eik med vise lauv og som ein hage utan vatn.

31  Og den sterke skal verta til stry, og hans verk til ein gneiste, og dei skal brenna båe til saman, og ingen sløkkjer.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23