«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Hosea 9

1  Gled deg ikkje, Israel, og fagna deg ikkje, liksom folki! For du hev gjenge frå din Gud i hor; du hev havt din hugnad i skjøkjeløn på kvar ein stad der dei treskjer korn.

2  Treskjestaden og vinpersa skal ikkje kunna fø dei, og druvesafti skal mislukkast for dei.

3  Dei skal ikkje få bu i Herrens land; Efra'im skal attende til Egyptar-land, og i Assur skal dei eta det som ureint er.

4  Dei skal ikkje hella ut vin til drykkoffer for Herren, og ikkje skal slaktofferi deira vera til hugnad for han; som syrgjebrød skal dei vera for dei; alle som et av det, skal verta ureine; for brødet sitt hev dei for seg sjølve, det kjem ikkje i Herrens hus.

5  Kva skal de gjera på helgedagen, på Herrens høgtidsdag?

6  For dei fer burt for øydingi skuld; Egyptar-landet skal samla dei, Memfis jorda dei; sylvet deira, det dyre, skal netlor eiga, klunger skal veksa i tjeldbuene deira.

7  Komne er heimsøkjingsdagane, komne er attergjeldsdagane; det fær nok Israel merka: Ein dåre er profeten, vitlaus er åndsmannen, for di di misgjerning er so stor og din fiendskap so sterk.

8  Efra'im ser seg um etter andre gudar attåt min Gud; profeten er ei fuglefangarsnara på alle hans vegar, berre fiendskap i huset åt hans Gud.

9  Djupt i used hev dei sokke, som i Gibea - dagane; han skal hugsa misgjerningi deira, han skal heimsøkja dei for syndene deira.

10  Som druvor i øydemarki fann eg Israel, som den fyrste mogne frukti på eit fiketre når det tek til å bera, såg eg federne dykkar; men då dei kom til Ba'al-Peor, vigde dei seg til avgudsdyrkingi og vart ufysne liksom han som dei elska.

11  Herlegdomen åt Efra'im skal fljuga burt som ein fugl. Ingen skal få born meir, ingen vera med barn og ingen verta umhender.

12  Ja, um dei èl upp borni sine, so skal eg gjera dei barnlause, so det ikkje finst menneske att; for usæle dei når eg gjeng ifrå dei!

13  Efra'im er planta på ei eng - det er som eg såg burt til Tyrus; men Efra'im lyt føra borni sine ut til rettarmannen.

14  Gjev dei, Herre! - Ja, kva skal du gjeva dei? Gjev dei morsliv som føder i utid, og brjost som tornar.

15  All deira vondskap er samla i Gilgal, ja, der fekk eg hat til dei; for deira vonde åtferd skuld vil eg driva dei ut or mitt hus; eg vil ikkje elska dei lenger, alle deira førarar er upprørarar.

16  Makk-eten er Efra'im, roti deira er turka, frukt skal dei ikkje bera; og um dei fær born, drep eg den dyre livsfrukti deira.

17  Min Gud skal støyta dei burt, av di dei ikkje hev høyrt på han, og dei skal flakka heimlause ikring millom folki.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23