«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Hosea 8

1  Set luren til munnen din*! - Som ein ørn kjem fienden yver Herrens hus, av di dei hev brote pakti med meg og forsynda seg mot mi lov.

2  Dei skal ropa til meg: Min Gud! Me, Israel, kjenner deg.

3  Men av di Israel hev støytt frå seg det som godt er, skal fienden elta han.

4  Dei hev valt seg kongar, som ikkje kom frå meg, dei hev teke seg hovdingar, og eg fekk ikkje vita um det. Av sylvet og gullet sitt hev dei gjort seg gudebilete, so dei skulde verta utrudde.

5  Ufyselege er kalven din, Samaria! Harmen min logar imot dei. Kor lenge skal det vara at dei ikkje kann tola reinleik?

6  For eit verk av Israel er han, ein kunstnar hev laga han, og nokon gud er han ikkje; ja, Samaria-kalven skal smuldrast i smått.

7  For vind sår dei, og storm skal dei hausta; kornet deira fær ikkje aks, grøda gjev ikkje føda, og um ho det gjer, skal framande eta det upp.

8  Israel er gløypt; millom folki er dei alt som ein verdlaus ting;

9  for dei for upp til Assur liksom eit villasen, som gjeng sine eigne vegar; Efra'im tingar um elsk;

10  men endå um dei tingar millom folki, so skal eg no samla dei dit, og dei skal taka til å minka i talet når storkongen trælkar dei.

11  Av di Efra'im hev gjort seg so mange altar til å synda med, hev dei vorte altar til synd for han.

12  Endå um eg skriv lover åt han i tusundtal, so reknar han dei like vel som framande lover.

13  Til offergåvor åt meg ofrar dei kjøt som dei et sjølve; Herren hev ikkje hugnad i dei. No vil han koma i hug misgjerningane deira og heimsøkja dei for syndene deira - dei skal fara attende til Egyptar-land.

14  Israel gløymde skaparen sin og bygde seg slott, og Juda bygde mange faste byar; men eg skal senda eld mot byane hans, og han skal øyda slotti hans.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23