Profeten Hosea 7
1 Når eg vil lækja Israel, då kjem misgjerningi åt Efra'im og vondskapen åt Samaria til synes; for dei fer med fals, og tjuvar bryt seg inn, og røvarflokkar ranar på vegane.
2 Og dei tenkjer ikkje på at eg kjem i hug all vondskapen deira; no hev gjerningane deira ringa dei inne, dei er komne for mi åsyn.
3 Med vondskapen sin gleder dei kongen, og hovdingane med lygnene sine.
4 Alle i hop er dei horkarar; dei likjest ein omn som bakaren hetar upp; han held berre upp med eldingi frå di han knodar deigen til dess han er syrt.
5 På dagen åt kongen vår drikk hovdingane seg sjuke på heit vin; sjølv tek han spottarar i handi.
6 For dei gjer hjarta sitt heitt som ein omn medan dei lurer; heile natti søv bakaren* deira, um morgonen brenn det som logande eld.
7 Alle i hop vert dei heite som ein omn og brenner upp domarane sine; alle kongane deira er falne, det er ingen av dei som kallar på meg.
8 Efra'im mengjer seg med folki; Efra'im hev vorte som ei kaka som ikkje er vend.
9 Framande hev tært upp krafti hans, men han veit det ikkje; håret hans er alt gråsprengt, men han veit det ikkje.
10 Israels byrgskap vitnar imot han beint uppi syni; men dei vender ikkje um til Herren sin Gud og søkjer han ikkje, trass i alt dette.
11 Men Efra'im hev vorte som ei godtrui duva, som ikkje hev vit; Egyptar-land ropar dei på, til Assur fer dei.
12 Best som dei fer av stad, breider eg netet mitt utyver dei og dreg dei ned, liksom ein gjer med fuglane i lufti; eg skal tukta dei, so som lyden deira alt hev høyrt.
13 Usæle dei, at dei flydde ifrå meg! Øyding yver dei, for di dei hev svike meg! Eg vilde løysa dei ut, men dei for med lygn imot meg.
14 Dei ropar ikkje til meg av hjarta, men ligg og jamrar seg på lægjet sitt; dei samlar seg av di dei vil hava korn og druvesaft, men meg vender dei seg ifrå.
15 Det er eg som hev lært dei upp, og som hev styrkt armane deira; men mot meg tenkjer dei på vondt.
16 Dei vender um, men ikkje uppetter; dei er som ein sviksam boge. Hovdingane deira skal falla for sverd for si hatige tunga skuld; for det vert dei hædde i Egyptar-land.