Profeten Hosea 6
1 Kom, lat oss venda um til Herren! For det er han som hev rive sund, men han vil og lækja oss; han slo, men vil og fetla oss.
2 Han skal gjera oss levande um tvo dagar; den tridje dagen skal han reisa oss upp att, og me skal leva for hans åsyn.
3 So lat oss læra å kjenna Herren, lat oss leggja vinn på å læra å kjenna han! Han renn upp so visst som morgonroden, og han kjem til oss som regnet, som eit vårregn som væter jordi.
4 Kva skal eg gjera med deg, Efra'im? Kva skal eg gjera med deg, Juda? For kjærleiken dykkar er som ei morgonsky, lik doggi som tidleg kverv.
5 Difor hev eg gjeve dei hogg ved profetane, drepe dei med ordi frå min munn, og domane yver deg for ut som ljonet.
6 For eg hev hug til kjærleik og ikkje til slaktoffer, og til gudskunnskap meir enn til brennoffer.
7 Men dei hev brote pakti, liksom Adam; der hev dei vore utrue mot meg.
8 Gilead er ein by med illgjerningsmenner, full av blodfar.
9 Og lik ein røvarflokk som ligg på lur etter folk, er heile prestehopen; dei drep på vegen til Sikem; ja, skamlaust hev dei fare åt.
10 I Israels hus hev eg set gruelege ting; der driv Efra'im hor, der hev Israel sulka seg til.
11 For deg og, Juda, er tiletla ei skurdonn, når eg gjer ende på mitt folks fangetid.