«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Hosea 5

1  Høyr dette, de prestar, og gjev gaum, du Israels hus, og du, kongehus, legg øyra til! For dykk gjeld domen; for ei snara hev de vore på Mispa og eit utspena net på Tabor.

2  Djupt hev dei falle i mange slag villferd; men eg skal tukta dei alle i hop.

3  Eg kjenner Efra'im, og Israel er ikkje løynt for meg; for no hev du drive hor, Efra'im! Israel hev sulka seg til.

4  Gjerningane deira let dei ikkje få venda um til deira Gud; for dei hev ei hordoms ånd i bringa si, og Herren, honom kjenner dei ikkje.

5  Men Israels byrgskap skal vitna imot det beint uppi syni, og Israel og Efra'im skal stupa for si misgjerning; Juda skal og stupa med dei.

6  Um dei fer av stad med sine sauer og uksar og vil søkja Herren, so finn dei han ikkje; han hev drege seg ifrå dei.

7  Mot Herren hev dei vore utrue, for dei hev født born som ikkje er hans; no skal nymånen* eta upp både dei og alt det dei eig.

8  Blås i lur i Gibea, i trompet i Rama! Blås alarm i Bet-Aven*! Fienden er etter deg, Benjamin!

9  Efra'im skal verta ei audn på refsingsdagen; millom Israels ætter hev eg kunngjort det som visseleg skal henda.

10  Juda-hovdingane hev vorte liksom dei som flyt merkesteinar; yver dei skal eg ausa ut vreiden min som vatn.

11  Efra'im vert nedkua, krasa ved dom; for han gav seg til å fylgja menneskebod.

12  Eg er som mòl for Efra'im og som ròt i beini for Judas hus.

13  Då Efra'im gådde sjukdomen sin og Juda såret sitt, då for Efra'im til Assur og sende bod til kong Jareb*; men han kann ikkje gjera dykk gode att, og såret dykkar vert ikkje lækt.

14  For eg er som ei løva mot Efra'im og som ei ungløva mot Judas hus; sjølv riv eg sund og fer min veg; eg ber fengdi burt, og ingen kann berga.

15  Eg vil ganga min veg attende til min stad, til dess dei kjennest ved si skuld og søkjer mi åsyn; i si naud skal dei leita etter meg.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23