Profeten Hosea 2
1 Seg då til brørne dykkar: Ammi*! og til systerne dykkar: Ru-hama**!
2 Skjem på mor dykkar, skjem på henne! For ho er ikkje kona mi, og eg er ikkje mannen hennar. Få henne til å hava burt horebragdene or andletet sitt og lauslynde - faktene frå barmen sin!
3 Elles skal eg klæda henne naki og te henne fram som ho var den dagen ho vart fødd, og gjera henne lik ei øydemark, eit turrlende, og lata henne døy av torste.
4 Og borni hennar vil eg ikkje miskunna; for dei er horeborn.
5 For mor deira var ei horkvinna, ho som fekk dei, for skamleg åt - ho sa: Eg vil fara etter elskarane mine, dei som gjev meg maten min og vatnet mitt, ulli mi og linet mitt, oljen min og vinen min.
6 Sjå, difor stengjer eg vegen din med klunger; eg reiser ein mur framfor henne, so ho ikkje finn stigane sine;
7 når ho renner etter elskarane sine, skal ho ikkje nå i dei, når ho leitar etter dei, skal ho ikkje finna dei. Då skal ho segja: Eg vil attende til den fyrste mannen min; for då hadde eg det betre enn no.
8 Ho skyna ikkje at det var eg som gav henne kornet og druvesafti og oljen, og som gav henne sylv og gull i mengdevis, som dei bruka til Ba'al.
9 Difor skal eg taka att kornet mitt, når tidi er til det, og druvesafti mi, når stundi er komi, og taka burt ulli mi og linet mitt, som ho skulde løyna blygsli si med.
10 Ja, no skal eg nækja den visne kroppen hennar beint for augo på elskarane hennar, og ingen skal berga henne or mi hand.
11 Eg skal gjera ende på all kjæta hennar, på gildi hennar, nymånane og sabbatane og alle høgtidene hennar.
12 Eg skal øyda vintreet og fiketreet hennar, som ho hev sagt um: Dei er horeløni mi, som elskarane mine hev gjeve meg. Eg skal gjera dei til skog, og villdyri skal eta dei.
13 Eg skal heimsøkja henne for dei dagane då ho brende røykjelse for Ba'alane og prydde seg med nasering og halsgull og for etter elskarane sine, men gløymde meg, segjer Herren.
14 Difor skal de vita at eg vil lokka henne burt og leida henne ut i øydemarki og tala kjærleg til henne,
15 og so snart ho kjem derifrå, vil eg gjeva henne att vinhagane hennar og gjera Akordalen* til ei dør som gjev henne von; der skal ho takka** som i ungdomsdagane sine, som då ho for upp frå Egyptar-landet.
16 Den dagen, segjer Herren, kjem det til å verta so at du ropar: Mannen min! Og du skal ikkje meir ropa til meg: Ba'al min!
17 Ja, Ba'als-namni vil eg taka reint ut or munnen hennar, so dei vil aldri nemnast meir.
18 Den dagen vil eg gjera ei pakt for dei med dyri på marki og fuglane i lufti og kreket på jordi; og boge og sverd og krig vil eg bryta sund og rydja ut or landet, og eg vil lata dei bu trygt.
19 Eg vil trulova meg med deg til æveleg tid; eg vil trulova meg med deg i rettferd og rett, i nåde og miskunn;
20 ja, i truskap vil eg trulova meg med deg, og du skal kjenna Herren.
21 Den dagen skal det verta so at eg bønhøyrer, segjer Herren, eg bønhøyrer himmelen, og han bønhøyrer jordi,
22 og jordi bønhøyrer kornet og druvesafti og oljen, og dei bønhøyrer Jisre'el.
23 Eg vil planta henne* åt meg i landet og miskunna Lo-Ruhama og segja til Lo-Ammi: Du er mitt folk, og det skal svara: Min Gud!