Profeten Hosea 13
1 Når Efra'im tala, vart alle fælne; høgt reis han i Israel; då førde han skuld yver seg med di han dyrka Ba'al og døydde.
2 Og no held dei på med si synd og gjer seg støypte bilete av sylvet sitt, avgudar etter sitt eige vit, handverksarbeid alt saman; slike er det dei talar til - menneske som ofrar, kysser kalvar!
3 Difor skal dei verta som morgonskyi, som doggi som tidleg kverv, liksom agner som vinden føykjer burt ifrå treskjestaden, og liksom røyk or ein ljore.
4 Men eg er Herren din Gud alt ifrå Egyptar-land, og nokon annan Gud enn meg veit du ikkje av, og nokon annan frelsar finst ikkje.
5 Det var eg som hadde umsut for deg i øydemarki, i det brennheite landet.
6 Av di beitet deira var godt, vart dei mette; og då dei var mette, vart dei høge i sin hug, og so gløymde dei meg.
7 Då vart eg mot dei som ei løva; som ein leopard lurer eg innmed vegen;
8 eg vil møta dei som ei binna som dei hev teke ungane ifrå, og riva sund bringa deira; eg vil eta dei upp som ei løvemor; villdyri i marki skal slita dei sund.
9 Det hev vorte til tjon for deg, Israel, at du hev sett deg upp imot meg, eg som er di hjelp.
10 Kvar er då kongen din, at han skulde kunna frelsa deg i alle byane dine, og domarane dine, som du sa um: Lat meg få konge og hovdingar?
11 Eg gjev deg ein konge i min vreide, og eg tek han burt att i min harm.
12 Misgjerningi åt Efra'im er samla i ein pung, syndi hans er gøymd.
13 Rider som hjå ei kvinna i barnsnaud skal koma yver han. Han er ein uvitug son; når stundi er der, kjem han ikkje fram i fødsli.
14 Or helheims vald vil eg fria dei, frå dauden vil eg løysa dei ut. Kvar er di sott, du daude? Kvar er din pest, du helheim? Anger er løynd for augo mine*.
15 For han ber frukt*, der han stend millom brørne sine; men det kjem ein austanvind, eit Herrens ver, farande upp ifrå øydemarki; då vert brunnen hans tom, og kjelda hans tryt; han** ranar heile skatten av kostnadting.