«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Hosea 12

1  Efra'im hev ringa meg inn med lygn, og Israels hus med svik; og Juda er endå agelaus mot Gud, mot den Heilage, den Trufaste.

2  Efra'im trår etter vind, han fer etter austanver; all dagen dungar han i hop lygn og vald; dei gjer samband med Assur, fører olje til Egyptar-land.

3  Herren hev sak med Juda, og han skal heimsøkja Jakob for åtferdi hans, gjeva han lika for det han hev gjort.

4  I morslivet heldt han bror sin i hælen, og i si manndomskraft drogst han med Gud.

5  Ja, han drogst med engelen og vann; han gret og bad han um nåde; i Betel møtte han honom, og der tala han med oss.

6  Og Herren, allhers Gud - Herren skal dei kalla han.

7  Og du - til din Gud skal du venda um; hald fast på miskunn og rett, og bia stødt på din Gud!

8  I handi åt Kana'an* er falsk vekt; å gjera urett likar han.

9  Og Efra'im segjer: Eg hev då vorte rik, eg hev vunne meg midel; men i alt mitt strev skal ingen vera god til å finna nokon urett - nokor synd.

10  Men eg er Herren din Gud alt ifrå Egyptar-land; eg vil endå lata deg bu i tjeldbuer liksom i høgtidsdagane.

11  Eg hev tala til profetane, og eg hev late dei sjå syner i mengd, og gjenom profetane hev eg tala i likningar.

12  Er no Gilead fullt av misgjerningar, so skal dei og verta reint til inkjes; hev dei ofra uksar i Gilgal, so skal og altari deira verta som steinrøysar frammed forene på marki.

13  Jakob rømde til Aram-landet*, Israel træla for ei kona - for å få seg ei kona gjætte han smalen.

14  Men ved ein profet førde Herren Israel upp frå Egyptar-land, og ved ein profet gjætte han det.

15  Sår harm hev Israel valda; difor skal Herren lata blodskuldi hans koma yver han, og hans hæding skal han gjeva han lika for.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23