Profeten Hosea 10
1 Israel er eit frodigt vintre, som ber mykje frukt; di meir frukt han fekk, di fleire altar bygde han; di betre det gjekk for landet hans, di fagrare biletsteinar gjorde han seg.
2 Hjarto deira var falske, no skal dei få bøta; han* skal brjota ned altari deira og slå sund biletsteinane deira;
3 ja, no må dei segja: Me hev ingen konge; for me hev ikkje ottast Herren, og kongen, kva kann vel han gjera for oss?
4 Dei hev tala tome ord, svore falskt, gjort semja, og retten renn upp som forgiftigt ugras på åkerforene.
5 For kalven i Bet-Aven* er Samaria-buane ottefulle; ja, folket hans** syrgjer yver han, og prestane hans skjelv for han - for herlegdomen hans, av di han er førd burt ifrå dei.
6 Han og skal verta førd til Assur, ei gåva til kong Jareb*; skam skal Efra'im henta seg, og Israel skal skjemmast for rådgjerdi si.
7 Samaria-kongen skal kverva som ei treflis på vatnet.
8 Øydast skal Avens offerhaugar, Israels synd; klunger og tistel skal renna upp på altari deira, og dei skal segja til fjelli: Gøym oss! og til haugane: Fall yver oss!
9 Alt frå Gibea-dagane hev du synda, Israel! Der* hev dei stade, men krigen mot nidingane hev ikkje nått dei i Gibea.
10 Etter min hug vil eg tukta dei, og folkeslag skal samla seg imot dei, når eg bind dei fast til båe misgjerningane deira.
11 Efra'im er ei upptamd kviga, som likar å treskja, men eg legg eit åk på den fagre halsen hennar; eg vil spenna Efra'im fyre, Juda skal pløgja, Jakob skal horva.
12 Så dykk eit sæde, som rettferd krev, hausta etter kjærleiks lov, brjot dykk nybrot! For no er det tidi til å søkja Herren, til han kjem og let rettferd regna yver dykk.
13 De hev pløgt gudløysa, urett hev de hausta, de hev ete lygne-frukt; for du hev sett lit til di åtferd og til dei mange kjempone dine.
14 Difor skal det reisa seg ein stridsdun millom ættene dine, og alle borgene dine skal verta øydde, liksom Salman* la Bet-Arbel i øyde på stridsdagen, då dei krasa både mor og barn.
15 Slikt skal Betel føra yver dykk for dykkar store vondskap; når morgonen rodar, er det ute, reint ute med Israels-kongen*.