«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Hosea 1

1  Herrens ord som kom til Hoseas, son åt Be'eri, i dei dagane då Ussias, Jotam, Akas og Esekias var kongar i Juda, og då Jeroboam Joasson var konge i Israel.

2  Då Herren tok til å tala til Hoseas, sa han til han: Gakk av stad og få deg ei horkona og horeborn! For landet driv hor og fylgjer ikkje lenger Herren.

3  Då gjekk han stad og gifte seg med Gomer Dibla'imsdotter, og ho vart med barn og fødde han ein son.

4  Og Herren sa til han: Kalla han Jisre'el! For um eit lite bel vil eg lata huset hans Jehu lida for Jisre'els blodskuld og gjera ende på kongedømet i Israels hus;

5  og den dagen skal det bera so til at eg bryt sund Israels boge i Jisre'els-dalen.

6  Og ho vart med barn att og fekk ei dotter. Då sa han til han: Kalla henne Lo-Ruhama*! For eg kjem ikkje lenger til å miskunna Israels hus, so eg tilgjev dei.

7  Men Judas hus vil eg miskunna, og eg vil lata dei verta frelste ved Herren deira Gud; men eg vil ikkje frelsa dei med boge eller sverd eller krig, med hestar eller ridarar.

8  Då ho hadde vant av Lo-Ruhama, vart ho med barn att og fekk ein son.

9  Då sa han: Kalla han Lo-Ammi*! For de er ikkje mitt folk, ikkje heller skal eg høyra dykk til.

10  Men like vel skal talet på Israels-borni verta som havsens sand, den som ikkje kann mælast eller teljast; og det skal ganga so, at på den staden der det vart sagt til dei: De er ikkje mitt folk, der skal ein segja til dei: Borni åt den levande Gud.

11  Juda-borni og Israels-borni skal fylkja seg saman og taka seg ein hovding og fara upp or landet; for stor er Jisre'els dag.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23