«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Brevet til Hebreerne 8

1  Men ein hovudsak i det som her vert sagt, er: Me hev ein sovoren øvsteprest som sette seg ved høgre sida åt kongsstolen til Majesteten i himlane,

2  med presteleg tenesta i heilagdomen, det sanne tabernaklet, som Herren hev reist, og ikkje eit menneske.

3  For kvar ein øvsteprest vert innsett til å bera fram både gåvor og slaktoffer; difor er det naudsynt at denne og hev noko å bera fram.

4  Um han no var på jordi, so var han ikkje ein gong prest; for det finst dei prestar som ber fram gåvone etter lovi,

5  dei som tener ved eit bilete og ein skugge av det himmelske, etter den fyresegn Moses fekk då han skulde laga tabernaklet; for han segjer: Sjå til at du fær gjort alt etter det biletet som vart synt deg på fjellet!

6  Men no hev han fenge so mykje betre prestetenesta som det og er ei hævare pakt han er millommann for, med di ho er grunnlagd på hævare lovnader.

7  For hadde den fyrste vore ulasteleg, so var det ikkje søkt rom åt ei onnor;

8  for det er lastord han talar til dei når han segjer: Sjå, det kjem dagar, segjer Herren, då eg vil gjera ei ny pakt med Israels hus og Judas hus,

9  ikkje etter den pakti som eg gjorde med federne deira den dagen eg tok dei i handi og leide dei ut or Egyptar-land; for dei vart ikkje standande i mi pakt, og so brydde eg meg ikkje um dei, segjer Herren.

10  For dette er den pakti som eg vil gjera med Israels hus etter dei dagane, segjer Herren: Eg vil leggja lovene mine i hugen deira og skriva dei i hjarta deira, og eg vil vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk,

11  og dei skal ikkje læra sin kvar sin landsmann og kvar sin bror og segja: Kjenn Herren! for dei skal alle saman kjenna meg, frå den minste til den største av dei;

12  for eg vil vera nådig mot misgjerdene deira, og syndene deira vil eg ikkje lenger koma i hug.

13  Med di han segjer: ei ny, hev han dømt den fyrste som gamal; men det som vert gamalt og foraldra, er nær ved å kverva burt.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23