«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Brevet til Hebreerne 7

1  For denne Melkisedek, konge i Salem og Den Høgste Guds prest, han som gjekk Abraham til møtes då han kom att frå sin siger yver kongane, og som velsigna han,

2  han som Abraham og gav tiend av alt, og som er, når hans namn vert utlagt, fyrst rettferds konge, dinæst og Salems konge, det er freds konge

3  som er utan far, utan mor, utan ættetavla, og som korkje hev dagars byrjing eller livs ende, men er gjord lik Guds Son - han vert verande prest for alltid.

4  Og sjå kor stor han er, denne mannen som Abraham, patriarken, jamvel gav tiend av herfanget.

5  Og dei av Levi søner som fær prestedømet, hev påbod um å taka tiend etter lovi av folket, det er av sine brør, endå desse er komne or Abrahams led;

6  men denne, som ikkje reknar si ætt frå dei, han tok tiend av Abraham og velsigna han som hadde fått lovnadene.

7  Men utan all motsegn er det den ringare som vert velsigna av den høgre.

8  Og her er det døyelege menneske som tek tiend, men der ein som det vert vitna um at han lever.

9  Og um ein so må segja: Gjenom Abraham hev endå Levi, som tek tiend, sjølv gjeve tiend;

10  for han var i sin fars lend då Melkisedek gjekk han til møtes.

11  Var det då fullkomenskap å vinna ved det levitiske prestedømet - for det var folket bunde til ved lovi - kvi turvest det då at ein annan prest skulde standa fram etter Melkisedeks vis og ikkje verta nemnd etter Arons vis?

12  For når prestedømet vert umskift, vert det naudsynleg og eit umskifte med lovi;

13  for han som dette vert sagt um, høyrde til ei onnor ætt, og ingen av henne hev gjort tenesta for altaret;

14  for det er kjent nok at vår Herre er upprunnen av Juda, og til denne ætti hev ikkje Moses tala noko um prestar.

15  Og det er endå meir klårt når det stend fram ein annan prest etter Melkisedeks vis,

16  ein som ikkje hev vorte det etter eit kjøtleg bods lov, men etter eit uforgjengeleg livs kraft;

17  for han fær det vitnemålet: Du er prest til æveleg tid etter Melkisedeks vis.

18  For eit bod som fyrr galdt, vert avlyst, av di det var maktlaust og gagnlaust

19  - for lovi førde ingen ting fram til fullkomenskap - og ei betre von vert innførd, so me kann nærma oss til Gud.

20  Og so visst som det ikkje vart gjort utan eid

21  - for hine hev vorte prestar utan eid, men denne med eid ved den som segjer til han: Herren svor, og han skal ikkje angra det: Du er prest til æveleg tid etter Melkisedeks vis -

22  so visst er det ei hævare pakt som Jesus hev vorte borgsmann for.

23  Og hine prestane hev vore fleire, av di dei ved dauden vart hindra i å halda ved;

24  men denne hev eit uforgjengeleg prestedøme, av di han vert verande til æveleg tid.

25  Difor kann han og fullkomleg frelsa dei som kjem til Gud ved han; for han lever alltid til å ganga i bøn for dei.

26  For me laut og hava ein sovoren øvsteprest som er heilag, uskyldig, rein, skild frå syndarar og upphøgd yver himlane,

27  ein som ikkje dagleg treng til, som øvsteprestane, å bera fram offer fyrst for sine eigne synder og so for syndene åt folket; for gjorde han ein gong for alle då han ofra seg sjølv.

28  For lovi set til øvsteprestar menneske som hev vesaldom, men eidens ord, som kom etter lovi, set Sonen inn, han som er fullenda for all æva.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23