«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Brevet til Hebreerne 6

1  Lat oss difor ganga framum barnelærdomen um Kristus og skrida fram mot det fullkomne, og ikkje atter leggja grunnvollen med umvending frå daude gjerningar og tru på Gud,

2  med læra um dåp og handpåleggjing og uppstoda av daude og æveleg dom.

3  Og dette vil me gjera, um Gud gjev lov til det.

4  For det er umogeleg at dei som ein gong er upplyste og hev smaka den himmelske gåva og fenge lut i den Heilage Ande

5  og hev smaka Guds gode ord og kraftene av den komande verdi, og so fell frå, atter kann uppnyast til umvending,

6  sidan dei på nytt krossfester Guds Son for seg og gjer han til spott.

7  For den jordi som drikk regnet som ofte fell på henne, og ber den gagnlege grøda åt dei som ho vert dyrka for, ho fær velsigning av Gud;

8  men ber ho tornar og tistlar, so er ho udugleg og forbanning nær, og enden med henne er å verta brend.

9  Men um dykk, de kjære, er me visse på det som betre er, og som høyrer til frelsa, endå me talar soleis.

10  For Gud er ikkje urettferdig, so han skulde gløyma dykkar verk og den kjærleiken som de hev synt for hans namn, med di de hev tent og endå tener dei heilage.

11  Men me ynskjer at kvar ein av dykk må syna den same ihugen for den fulle vissa i voni alt til enden,

12  so de ikkje skal verta seinføre, men fylgja etter dei som ved tru og tolmod erver det som var lova.

13  For då Gud gav Abraham lovnaden, svor han ved seg sjølv, sidan han ingen større hadde å sverja ved, og sa:

14  Sanneleg, eg vil rikleg velsigna deg og gjera storleg mangfaldig.

15  Og soleis vann han det som var lova, då han hadde venta med tolmod.

16  For menneske sver ved ein større, og eiden er dei ein ende på all motsegn, til stadfesting.

17  Difor gjekk Gud med ein eid, då han enn meir vilde syna ervingane til lovnaden kor ubrigdeleg hans hans var,

18  so me ved tvo ubrigdelege ting, som Gud umogeleg kunde svika i, skulde hava ei sterk trøyst, me som flydde til å gripa den voni som ventar oss,

19  den me hev som eit anker for sjeli, eit som er trygt og fast og når inn um forhenget,

20  der Jesus gjekk inn fyregangsmann for oss, med di han vart øvsteprest etter Melkisedeks vis til æveleg tid.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23