Brevet til Hebreerne 5
1 For kvar øvsteprest vert teken bland menneske og vert innsett til for menneske til tenesta for Gud, til å bera fram gåvor og slaktoffer for synder,
2 som ein sovoren som kann vera linnhjarta mot dei vankunnige og villfarande, av di han sjølv ligg under vesaldom,
3 og for den skuld lyt han bera fram syndoffer som for folket, so og for seg sjølv.
4 Og ingen tek seg sjølv den æra, men den som vert kalla av Gud, liksom Aron.
5 So hev ikkje Kristus heller teke seg den æra å verta øvsteprest, men han som sa til han: Du er Son min, eg hev født deg i dag.
6 Liksom han og segjer ein annan stad: Du er prest til æveleg tid etter Melkisedeks vis.
7 Og han hev i sitt kjøts dagar med sterkt rop og tåror bore fram bøner og naudbeding til han som kunde frelsa han frå dauden, og vart bønhøyrd for sin gudlegdom,
8 og soleis lærde han, endå han var Son, lydnad av det han leid;
9 og då han var fullenda, vart han upphav til æveleg frelsa for alle som lyder han,
10 med di Gud kalla han øvsteprest etter Melkisedeks vis.
11 Um dette hev me mykje å segja, som og er vandt å leggja ut, etter di de hev vorte seinføre til å høyra.
12 For endå de etter tidi skulde vore lærarar, treng de atter atter til at ein lærer dykk kva som er dei fyrste grunnar i Guds ord, og de hev vorte slike som treng til mjølk og ikkje fast føda.
13 For kvar den som fær mjølk, er urøynd i rettferds ord; for han er eit barn.
14 Men fast føda er for vaksne, for dei som ved tame hev tilvande sansar til å skilja millom godt og vondt.