Brevet til Hebreerne 2
1 Difor lyt me so mykje meir akta på det me hev høyrt, so me ikkje skal driva burt ifrå det.
2 For dersom det ordet som var tala ved englar, stod fast, og kvar misgjerd og ulydnad fekk si rettferdige løn,
3 kor skal då me sleppa undan um me ikkje vyrder so stor ei frelsa? - den som fyrst vart forkynt ved Herren og sidan stadfest for oss av dei som hadde høyrt han,
4 med di Gud vitna med, både ved teikn og under og ymse kraftige verk og tildeling av den Heilage Ande etter sin vilje.
5 For det var ikkje under englar han la den komande verdi, som me talar um.
6 Men ein hev vitna ein stad og sagt: Kva er eit menneske, at du kjem han i hug, eller ein menneskeson, at du ser til han?
7 Du gjorde han lite lægre enn englane; med herlegdom og æra krynte du han, og sette han yver dei verk dine hender gjorde;
8 alle ting la du under hans føter. For då han la alle ting under han, so tok han ingen ting undan som ikkje er han underlagd; men no ser me endå ikkje at alle ting er han underlagde;
9 men den som var gjord lite lægre enn englane, Jesus, han ser me, av di han leid dauden, krynt med herlegdom og æra, so han ved Guds nåde skulde smaka dauden for alle.
10 For det sømde seg han som alt er til for, og som alt er til ved, då han førde mange born til herlegdom, å fullenda frelse-hovdingen deira gjenom lidingar.
11 For både den som helgar, og dei som vert helga, er alle av ein; difor skjemmest han ikkje ved å kalla dei brør,
12 når han segjer: Eg vil kunngjera ditt namn for mine brør, midt i lyden vil eg lovsyngja deg.
13 Og atter: Eg vil setja mi lit til han. Og atter: Sjå, her er eg og dei born Gud hev gjeve meg.
14 Etter di no borni hev lut i blod og kjøt, so fekk han og like eins lut i det, so han ved dauden kunne gjera den til inkjes som hadde daudens velde, det er djevelen,
15 og fria ut alle dei som av redsla for dauden var i trældom all si livstid.
16 For englar han tek seg ikkje av, men Abrahams ætt tek han seg av;
17 difor laut han verta brørne sine lik i alle ting, so han kunde verta ein miskunnsam og trufast øvsteprest for Gud til å gjera soning for syndene åt folket.
18 For av di han sjølv hev lide og vorte freista, so kann han koma dei til hjelp som vert freista.