Brevet til Hebreerne 12
1 So lat no og oss, etter di me hev so stor ei sky av vitne ikring oss, leggja av alt som tyngjer, og syndi som heng so fast ved oss, og med tolmod renna i den kappstrid, som er oss fyresett,
2 med di me ser på upphavsmannen og fullendaren til trui, Jesus, han som for den gleda som venta han, leid på krossen med tol, utan å vyrda skjemsla, og no sit på høgre sida åt Guds kongsstol.
3 Ja, tenk på han som tolde slik motsegn av syndarar imot seg, so de ikkje skal trøytna og verta motlause i hugen!
4 Endå hev de ikkje gjort motstand til blodet i striden mot syndi,
5 og de hev gløymt den påminning som talar til dykk som born: Min son, vanvyrd ikkje Herrens tukt, og vanmodast ikkje når han refser deg!
6 for den Herren elskar, den tuktar han, og han hudflengjer kvar son han tek seg av.
7 Det er for tukti skuld at de toler lidingar; Gud fer med dykk som med søner. For kven er den son som faren ikkje tuktar?
8 Men er de utan tukt, som alle hev fenge sin lut av, då er de lausingar og ikkje søner.
9 Dessutan: våre feder etter kjøtet hadde me til tuktarar, og me hadde age for dei; skal me då ikkje mykje meir vera lydige mot Faderen til åndene, so me fær leva?
10 For hine tukta oss for nokre få dagar etter sitt tykke, men han tuktar til vårt gagn, so me skal få lut i hans heilagskap.
11 All tukt synest vel, medan ho stend på, ikkje å vera til gleda, men til sorg; men sidan gjev ho dei som er upptamde, ei fredrik frukt som er rettferd.
12 Difor, rett dei hangande hender og dei veike kne,
13 og gjer beine farvegar for føtene dykkar, so det halte ikkje skal koma reint i ulag, men heller vert lækt!
14 Trå etter fred med alle og etter helging! for utan helging skal ingen sjå Herren.
15 Og sjå åt at ingen dreg seg undan Guds nåde, at ingi beisk rot skal renna upp og gjera mein, og mange verta smitta ved henne,
16 at ingen må vera ein horkar eller ein vanheilag som Esau, som for ein einaste rett mat selde odelsretten sin.
17 For de veit at han og sidan, då han vilde erva velsigningi, vart han burtvist - for han fann ikkje rom for bot - endå han søkte henne med tåror.
18 For de er ikkje komne til eit fjell som ein kann taka på, og til brennande eld og til skydimma og myrker og uver,
19 og til ljom av lur og ljod av ord, slik at dei som høyrde på, bad at det ikkje måtte verta tala meir til dei;
20 for dei kunde ikkje bera det påbodet dei fekk: Um det so berre er eit dyr som kjem innåt fjellet, skal det steinast;
21 og so grueleg var syni at Moses sa: Eg er forfærd og skjelvande redd.
22 Men de er komne til Sions fjell og den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, og til dei mange tusund englar,
23 til høgtidsstemna og lyden av dei fyrstefødde, som er uppskrivne i himmelen, og til domaren, som er Gud for alle, og til åndene åt dei fullenda rettferdige,
24 og til Jesus, millommannen for ei ny pakt, og til skvettings-blodet, som talar betre enn Abels blod.
25 Sjå til at de ikkje viser ifrå dykk han som talar! For når hine ikkje slapp undan, dei som viste ifrå seg han som tala på jordi, kor mykje mindre skal då me sleppa undan um me vender oss ifrå han som talar frå himmelen!
26 Hans røyst riste den gong jordi; men no hev han lova og sagt: Endå ein gong rister eg ikkje berre jordi, men himmelen med.
27 Men det ordet: Endå ein gong, syner at dei ting som vert riste, skal umskiftast, av di det er skapte ting, so dei som ikkje vert riste, skal vara ved.
28 Lat difor oss som fær eit uruggeleg rike, vera takksame og dermed tena Gud til hans hugnad, med blygd og otte!
29 For vår Gud er ein øydande eld.