Brevet til Hebreerne 11
1 Men tru er full vissa um det som ein vonar, yvertyding um ting som ein ikkje ser.
2 For på grunn av henne fekk dei gamle godt vitnemål.
3 Ved tru skynar me at verdi er skapt ved Guds ord, so det som ein ser, ikkje vart til av det synlege.
4 Ved tru bar Abel fram for Gud eit betre offer enn Kain; ved henne fekk han det vitnemålet at han var rettferdig, med di Gud vitna um gåvone hans, ved henne talar han enno, etter han er dåen.
5 Ved tru vart Enok burtrykt, so han ikkje skulde sjå dauden, og han vart ikkje funnen, av di Gud hadde rykt han burt. For fyrr han vart burtrykt, fekk han det vitnemålet at han tektest Gud;
6 men utan tru er det umogeleg å tekkjast Gud; for den som stig fram for Gud, lyt tru at han er til, og at han løner dei som søkjer han.
7 Ved tru var det Noah, då Gud varsla han um det som ein ikkje såg endå, med heilag otte bygde ei ark til frelsa for sitt hus; ved henne fordømde han verdi og vart erving til den rettferd som er av tru.
8 Ved tru var Abraham lydig då han vart kalla, so han drog ut til den staden han skulde få til arv; og han tok ut endå han ikkje visste kvar han skulde koma.
9 Ved tru heldt han ut som utlending i det landet han var lova, liksom i eit framandt land, og budde i tjeld saman med Isak og Jakob, som var medervingar til den same lovnaden;
10 for han venta på byen med dei faste grunnvollane, som Gud er byggmeister og skapar til.
11 Ved tru fekk og Sara kraft til å grunnleggja ei ætt, og det trass i alderen sin, for ho heldt han for trufast som hadde lova det.
12 Difor vart det og av ein, og det ein utlevd, avla so mange som stjernone på himmelen og som sanden på havsens strand, som ingen kann telja.
13 I tru døydde alle desse utan dei hadde fenge det som var lova; men dei såg det langt burte og helsa det og sanna at dei var framande og utlendingar på jordi.
14 For dei som segjer slikt, dei syner at dei søkjer eit fedreland;
15 og dersom dei hadde tenkt på det som dei kom ifrå, so hadde dei havt tid til å fara dit att;
16 men no stundar dei etter eit betre, det er eit himmelsk; difor skjemmest ikkje Gud ved dei, ved å kallast deira Gud; for han hev bygt ein by ferdig åt dei.
17 Ved tru ofra Abraham Isak den gongen han vart freista; ja, einaste son sin ofra han som hadde fenge lovnadene,
18 han som det var sagt til: Det er etterkomarane etter Isak som skal kallast di ætt;
19 for han tenkte at Gud er mektig jamvel til å vekkja upp ifrå dei daude, og han fekk han og liksom att derifrå.
20 Ved tru velsigna Isak Jakob og Esau, med syn på det som skulde koma.
21 Ved tru velsigna Jakob døyande kvar og ein av Josefs søner og tilbad, bøygd yver knappen på staven sin.
22 Ved tru tala Josef sitt siste um at Israels-borni skulde ganga ut, og gav påbod um beini sine.
23 Ved tru vart Moses, då han var fødd, gøymd gøymd av foreldri sine i tri månader; av di dei såg at det var so vent eit barn, og dei var ikkje redde for kongen bod.
24 Ved tru vilde Moses, då han vart stor, ikkje kallast dotterson til Farao;
25 han valde heller å lida vondt saman med Guds folk enn å hava ei stuttvarig njoting av syndi,
26 og heldt Kristi vanære for større rikdom enn Egyptar-lands skattar; for han såg fram til løni.
27 Ved tru forlet han Egyptar-land uredd for kongens vreide; for han heldt ut, som um han såg den usynlege.
28 Ved tru heldt han påsken med blod-strjukingi, so tynaren ikkje skulde røra deira fyrstefødde.
29 Ved tru gjekk dei gjenom Raudehavet liksom yver turt land; men då egyptarane freista på det same, drukna dei.
30 Ved tru fall Jerikos murar, då dei hadde gjenge kring dei i sju dagar.
31 Ved tru slapp skjøkja Rahab å ganga under med dei vantruande, då ho hadde teke imot speiarane med fred.
32 Og kvi talar eg meir? Tidi vilde verta meg for stutt um eg skulde fortelja um Gideon og Barak og Samson og Jefta, um David og Samuel og profetane,
33 som ved tru sigra yver kongerike, heldt uppe rettferd, fekk lovnader uppfyllte, tepte gapet på løvor,
34 sløkte elds makt, slapp undan sverds egg, vart sterke att etter sjukdom, vart veldige i strid og fekk fiendeherar til å vika;
35 kvinnor fekk sine avlidne att med di dei stod upp; andre vart utspana til pinsla og vilde ikkje taka imot utløysing, so dei kunde vinna ei herlegare uppstoda;
36 andre fekk røyna spotting og hudflengjing, ja endå til band og fengsel;
37 dei vart steina, gjenomsaga, freista, dei vart drepne med sverd, dei flakka ikring i sauskinn og geitskinn, leid naud og trengsla og hard medferd
38 - verdi var ikkje verd å hysa dei - dei vanka um i øydemarker og fjell og holor og jordklufter.
39 Og endå alle desse fekk vitnemål for si tru, fekk dei ikkje det som var lova,
40 etter di Gud fyreåt hadde set ut noko betre for oss, so dei ikkje skulde nå fullendingi utan oss.