Brevet til Hebreerne 10
1 For sidan lova berre hev ein skugge av dei tilkomande gode ting, men ikkje sjølve biletet av tingi, so kann ho aldri ved dei same årlege offer som dei stødt ber fram, gjera dei fullkomne som kjem fram med dei.
2 Elles hadde dei vel halde upp med å bera dei fram, av di dei ofrande ikkje lenger vilde havt synder på samvitet når dei ein gong var reinsa.
3 Men ved dei kjem årlegårs minning um synder;
4 for det er umogeleg at blod av uksar og bukkar kann taka burt synder.
5 Difor segjer han då han stig inn i verdi: Offer og gåva vilde du ikkje hava, men ein lekam laga du åt meg;
6 brennoffer og syndoffer hadde du ikkje hug på.
7 Då sa eg: Sjå, her kjem eg - i bokrullen er det skrive um meg - og vil gjera, Gud, din vilje.
8 Fyrst segjer han: Offer og gåva og brennoffer og syndoffer vilde du ikkje hava, og du hadde ikkje hug på dei - endå dei vert framborne etter lovi -;
9 so segjer han: Sjå, eg kjem og vil gjera din vilje. Han tek burt det fyrste so han kann setja inn det andre,
10 og med denne viljen er me helga ved ofringi av Jesu Kristi lekam ein gong for alle.
11 Og kvar prest stend dagstødt og gjer tenesta og ber fram mange gonger dei same offer, som like vel aldri kann taka burt synder;
12 men han hev bore fram eit einaste offer for synder og hev so for alltid sett seg ved Guds høgre hand,
13 og no ventar han berre på at hans fiendar skal verta lagde til skammel for føtene hans;
14 for med eit einaste offer hev han for alltid gjort dei fullkomne som vert helga.
15 Men det vitnar og den Heilage Ande for oss; for etter det han hev sagt:
16 Dette er den pakti som eg vil gjera med dei etter dei dagane, so segjer Herren: Eg vil leggja lovene mine i hjarto deira og skriva dei i hugen deira,
17 og syndene deira og misgjerdene deira vil eg ikkje lenger koma i hug.
18 Men der det er forlating for dei, der trengst det ikkje lenger noko offer for synd.
19 So hev me då, brør, i Jesu blod frimod til å ganga inn i heilagdomen,
20 som han hev vigt oss ein ny og levande veg til gjenom forhenget, det er hans jordiske kjøt,
21 og me hev ein stor prest yver Guds hus.
22 Lat oss difor stiga fram med eit sannferdeleg hjarta, med full vissa i trui, reinsa i hjarto frå eit vondt samvit og tvegne på lekamen med reint vatn!
23 Lat oss halda uruggeleg fast på vedkjennast voni - for han er trufast som gav lovnaden -
24 og lat oss akta på kvarandre, so me kveikjer kvarandre til kjærleik og gode gjerningar,
25 og ikkje skil oss frå vår eigi samling, som sume hev for skikk, men påminner kvarandre, og det so mykje meir som de ser kor det lid mot dagen.
26 For syndar me med vilje når me hev lært å kjenna sanningi, då er det ikkje att meir noko offer for synder,
27 men berre ei øgjeleg gru for dom og ein logande brennhug som skal eta upp dei motstridige.
28 Når nokon hev brote Mose lov, so døyr han utan miskunn etter vitnemål frå tvo eller tri mann;
29 kor mykje verre refsing trur de då den skal verta kjend verd som hev trødt Guds Son under føter og vanvyrdt paktblodet, som han vart helga med, og svivyrdt nådens Ande!
30 For me kjenner han som hev sagt: Hemnen høyrer meg til, eg skal gjeva attergjeld, og atter: Herren skal døma sitt folk.
31 Det er grueleg å falla i hendene på den levande Gud.
32 Men kom i hug dei framfarne dagar, då de, etter de var upplyste, tolde mykjen strid i lidingar,
33 med di de snart sjølve vart til ei bisn ved hædingar og trengslor, snart leid med dei som var so farne.
34 For de hadde og samhug med fangane, og de bar det med gleda at dykkar gods vart rana, av di de visste at de sjølve hadde ein betre og varande eigedom.
35 Kasta difor ikkje burt frimodet dykkar, som hev stor løn!
36 For de treng til tolmod, so de kann få det som er lova, når de hev gjort Guds vilje.
37 For endå er det berre so stutt ei stund, so kjem han som koma skal, og han skal ikkje drygja;
38 men den rettferdige, ved tru skal han leva, og dersom han dreg seg undan, so hev mi sjel ikkje hugnad i han.
39 Men me er ikkje av dei som dreg seg undan til fortaping, men av dei som trur til frelsa for sjeli.