«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Brevet til Hebreerne 1

1  Etter at Gud fordom hadde tala mange gonger og på mange måtar til federne gjenom profetane, so hev i desse siste dagar tala til oss gjenom Sonen,

2  han som han hev sett til erving yver alle ting, og som han hev gjort verdi ved,

3  han som er avglansen av hans herlegdom og avbiletet av hans grunnhått, og ber alle ting ved sitt veldes ord, og som difor, då han hadde gjort reinsing for syndene våre, sette han seg ved høgre handi åt Majesteten i det høge,

4  og han hev vorte so mykje hævare enn englane, som han hev ervt eit herlegare namn framfor dei.

5  For kven av englane hev han nokosinne sagt det til: Du er son min, eg hev født deg i dag? eller: Eg vil vera far for han, og han skal vera son min?

6  Men når han atter fører den fyrstefødde inn i verdi, segjer han: Og alle Guds englar skal tilbeda han.

7  Og um englane segjer han: Han som gjer englane sine til vindar og tenarane sine til eldsloge,

8  Men um Sonen: Din kongsstol, Gud, stend i all æva, og ein kongsstav med rettvisa er kongsstaven i ditt rike;

9  du elska rettferd og hata urett; difor hev, Gud, din Gud salva deg med fagnads olje framfor dine medbrør.

10  Og: Du, Herre, grunnfeste jordi frå upphavet, og himlane er verk av dine hender;

11  dei skal forgangast, men du vert verande, og dei skal alle eldast som ein klædnad,

12  og som ei kåpa skal du rulla dei i hop, og dei skal verta umskifte; men du er den same, og dine år skal aldri taka ende.

13  Men kven av englane hev han nokon gong sagt det til: Set deg ved mi høgre hand, til dess eg fær lagt dine fiendar til skammel for dine føter?

14  Er dei ikkje alle saman tenande ånder, som vert utsende for deira skuld som skal erva frelsa?

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23