Profeten Haggai 2
1 Den ein og tjugande dagen i sjuande månaden kom Herrens ord ved profeten Haggai, og det lydde so:
2 Tala til Serubabel Sealtielsson, jarlen i Juda, og til Josva Jehosadaksson, øvstepresten, og til det som er att av folket:
3 Finst det endå nokon attlevande millom dykk som hev set dette huset i sin fyrre herlegdom? Og kva tykkjer de um det no? Er det ikkje for augo dykkar som inkjevetta?
4 Men ver hugheil no, Serubabel, segjer Herren, ver hugheil, Josva Jehosadaksson, du øvsteprest, ver hugheilt, alt folket i landet, segjer Herren, og arbeid! For eg er med dykk, segjer Herren, allhers Gud.
5 Den pakti eg gjorde med dykk då de for ut or Egyptar-land, skal standa ved lag, og min Ande skal bu millom dykk. Ver ikkje redde!
6 For so segjer Herren, allhers Gud: Endå ein gong, um eit lite bel, skal eg skaka himmel og jord og hav og land.
7 Eg skal skaka alle folki og, so dei dyraste eignelutene frå alle folki skal koma hit, og eg skal fylla dette huset med herlegdom, segjer Herren, allhers Gud.
8 Sylvet er mitt, og gullet er mitt, segjer Herren, allhers Gud.
9 Dette siste huset skal verta herlegare enn det fyrre, segjer Herren, allhers Gud; og på denne staden vil eg gjeva fred, segjer Herren, allhers Gud.
10 Den fire og tjugande dagen i niande månaden i andre styringsåret åt kong Darius kom Herrens ord ved profeten Haggai, og det lydde so:
11 So segjer Herren, allhers Gud: Spør kva prestane lærer um dette:
12 Um ein mann ber heilagt kjøt i klædesnippen og so med snippen kjem nær noko brød eller kokemat eller vin eller olje eller anna etande, vert då det heilagt? Prestane svara nei.
13 So spurde Haggai: Men um ein hev vorte urein av eit lik og so kjem nær noko av dette, vert det då ureint? Prestane svara ja.
14 Då tok Haggai til ords og sa: Soleis er det med denne lyden, og soleis er det med dette folket i mine augo, segjer Herren, og like eins med alt det deira hender gjer; og det dei ofrar der,* det er ureint.
15 Gjev no gaum på tidi frå i dag og attende, fyrr de tok til og la stein på stein i Herrens tempel!
16 Når einkvan i den tidi kom til ein dunge med kornband som han tenkte skulde gjeva tjuge mål, so fann han berre ti; når einkvan kom til vinpersa og vilde ausa upp femti spann, so fekk han ikkje meir enn tjuge.
17 Eg søkte dykk med moldaks og rust og haglver yver alt dykkar arbeid, og endå vende de ikkje um til meg, segjer Herren.
18 Men gjev gaum no på tidi frå i dag og attende, frå fire og tjugande dagen i niande månaden alt til den dagen då Herrens tempel vart tufta! Gjev gaum!
19 Finst det enno att noko sæde i kornburet? Endå hev korkje vintreet eller fiketreet eller granatapalen eller oljetreet bore noko! Men frå i dag skal eg velsigna.
20 Andre gongen kom Herrens ord åt Haggai den fire og tjugande dagen i månaden, og det lydde so:
21 Seg til Serubabel, jarlen yver Juda: Eg skal skaka himmel og jord;
22 eg skal velta i koll kongsstolane og tyna veldet åt dei heidne kongeriki; eg skal velta stridsvognene og dei som stend på dei, og hestane skal stupa, og ridarene med; den eine skal falla for sverdet åt hin.
23 Den dagen, segjer Herren, allhers Gud, tek eg deg, Serubabel Sealtielsson, du min tenar, og gjer deg til ein seglring; for deg hev eg valt ut, segjer Herren, allhers Gud.