Profeten Haggai 1
1 I andre styringsåret åt kong Darius, fyrste dagen i sette månaden, kom Herrens ord ved profeten Haggai til Serubabel Sealtielsson, jarl yver Juda, og til Josva Jehosadaksson, øvstepresten, og det lydde so:
2 So segjer Herren, allhers Gud: Dette folket segjer: Det er ikkje endå tid til å koma, tid til å byggja Herrens hus.
3 So kom då Herrens ord ved profeten Haggai:
4 Er det då tid for dykk sjølve å bu i dykkar bordklædde hus, medan dette huset ligg i øyde?
5 Og no segjer Herren, allhers Gud, so: Akta på korleis det gjeng dykk!
6 De sår mykje, men fær lite i hus; de et, men vert ikkje mette; de drikk, men sløkkjer ikkje torsten; de klæder dykk, men ingen vert varm; leigetenaren fær si løn i ein botnelaus pung.
7 So segjer Herren, allhers Gud: Akta på korleis det gjeng dykk!
8 Far til fjells og henta timber og bygg upp templet, so eg kann hava hugnad i det og syna meg herleg, segjer Herren.
9 De vonar mykje og vinn lite, og når de ber det i hus, so blæs eg det burt. Kvifor? segjer Herren, allhers Gud. Jau, for mitt hus skuld, av di det ligg i øyde, medan de sjølve hev det annsamt kvar med sitt hus.
10 Difor hev himmelen meinka dykk dogg og jordi meinka dykk grøda.
11 Eg hev kalla turk yver land og fjell, yver korn og druvesaft og olje og alt som gror på marki, yver folk og fe og all dykkar arbeidsvinning.
12 Serubabel Sealtielsson og Josva Jehosadaksson, øvstepresten, og alt det som var att av folket, lydde på Herren sin Gud og ordi frå profeten Haggai, av di Herren deira Gud hadde sendt han; og folket bar age for Herren.
13 Og Haggai, Herrens sendebod, bar fram Herrens bod til folket: Eg er med dykk, segjer Herren.
14 Og Herren kveikte hugen hjå Serubabel Sealtielsson, jarlen yver Juda, og hjå Josva Jehosadaksson, øvstepresten, og hjå alle dei som var att av folket, so dei la i veg og arbeidde på huset åt Herren deira Gud, allhers Gud;
15 det var den fire og tjugande dagen i sette månaden i andre styringsåret åt kong Darius.