«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Habakkuk 3

1  Ei bøn av profeten Habakuk etter Sjigjonot*.

2  Herre, eg hev høyrt tidendi um deg, eg er forfærd. Herre, ditt verk* - kveik det upp att fyrr mange år er lidne, ja, kunngjer det fyrr mange år er lidne! I din harm kom i hug å miskunna oss!

3  Gud kjem frå Teman, den Heilage frå Paran-fjellet. Sela. Hans herlegdom er utbreidd yver himmelen, og jordi er full av hans æra.

4  Det vert ein glans som av soli, geislar gjeng ut frå hans sida, og i dei er makti hans løynd.

5  Fyre han gjeng sott, og sykja fylgjer hans fotfar.

6  Når han stig fram, so ristest jordi; når han ser upp, lyt folki skjelva; dei eldgamle fjelli sprekk, og ævordoms-haugane sig i hop; han gjeng som han gjekk i fordoms tid.

7  Kusans tjeldbuer ser eg i sorg, tjeldi i Midianslandet skjelv.

8  Er du harm på elvane, Herre, logar din vreide mot dei? Harmast du på havet, sidan du fer fram på hestane dine, på sigervognene dine?

9  Berr og naken er bogen din - og dine eidar til ættene, ditt ord*! - Sela. Til elvar kløyver du jordi.

10  Fjelli ser deg og skjelv, elvar bryt seg fram; djupet let høyra sitt mål, det lyfter hendene mot høgdi.

11  Sol og måne gjeng inn i sitt hus for skinet frå dine farande piler, for glansen av ditt ljonande spjot.

12  I harm skrid du fram yver jordi, i vreide trakkar du folki ned.

13  Du dreg ut til frelsa for folket ditt, til frelsa for han som du salva; du krasar taket på huset åt den gudlause*, du gjer grunnen berr alt til halsen. Sela.

14  Med hans* eige spjot sting du gjenom hovudi på herflokkane hans, som stormar fram og vil spreida meg, som gleder seg som det galdt å eta ein arming upp i løynd.

15  Du fer yver havet med hestane dine, yver ein haug av veldige vatn.

16  Eg høyrde det*, og hjarta skalv, ved ljoden bivra lippone mine; beini morknar i meg, og eg skjelv der eg stend; for eg lyt tolug bia på trengsledagen, til han dreg upp som skal trengja folket.

17  For fiketreet blømer ikkje, og vintrei ber ikkje frukt, olje-avlen mislukkast, og markene ber ikkje mat; han* hev øydt sauene ut or kvii, og det finst ikkje fe i fjøsi.

18  Men eg vil frygda meg i Herren, eg vil gleda meg i Gud, min frelsar.

19  Herren, Israels Gud, er min styrke, han gjev meg føter som ei hind og let meg skrida yver mine haugar. Til songmeisteren, med min strengeleik.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23