Første Mosebok 9
1 Og Gud velsigna Noah og sønene hans og sa til dei: De skal veksa og aukast og fylla jordi.
2 Age og otte skal dei bera for dykk, alle dyri på jordi og alle fuglane under himmelen, alt som krelar på marki og alle fiskane i havet; i dykkar hender er dei gjevne.
3 Alt som røyver seg og lever, skal vera til føda for dykk. Som eg gav dykk dei grøne urtene, so gjev eg dykk alt dette.
4 Men kjøt med sjeli, det er blodet, i, det må de ikkje eta!
5 Og berre dykkar eige blod vil eg hemna; eg vil krevja det att av kvart dyr, og av mennesket og; kvar manns liv vil eg krevja att av hans bror.
6 Den som tek manns blod, hans blod skal menner taka; for i Guds likning skapte han* mannen.
7 Men de skal veksa og aukast; de skal yrja på jordi og auka dykk på henne.
8 Og Gud sa til Noah og sønene hans, som var med han;
9 No vil eg gjera ei pakt med dykk og etterkomarane dykkar
10 og med kvart eit levande liv som hjå dykk er, både fuglar og fe og alle dei vill dyr som er hjå dykk, alle som gjekk ut or arki, alt som lever på jordi.
11 Ei pakt vil eg gjera med dykk, og aldri meir skal alt kjøt tynast i flaumen; og aldri meir skal det koma ei flod som legg jordi i øyde.
12 Og Gud sa: Dette er merket på pakti eg set millom meg og dykk og kvart levande liv som hjå dykk er, til æveleg tid:
13 Bogen min set eg i skyi; han skal vera eit merke på pakti millom meg og jordi.
14 Og so tidt eg let skyer skyggja yver jordi, og bogen ter seg i skyi,
15 då skal eg koma i hug den pakti som er millom meg og dykk og kvart levande liv av alt kjøt, og vatnet skal aldri meir verta ei flod som tyner alt kjøt.
16 So skal bogen standa i skyi; og eg skal sjå han og minnast den ævelege pakti millom Gud og kvart levande liv av alt kjøt som til er seg på jordi.
17 Dette, sa Gud til Noah, er merket på den pakti eg hev sett millom meg og alt kjøt som til er på jordi.
18 Og Noahs-sønene, som gjekk ut or arki, det var Sem og Kam og Jafet. Og Kam var far åt Kana'an.
19 Desse tri var sønene hans Noah, og frå dei hev alle folk på jordi greina seg ut.
20 Og Noah jorddyrkar, og han var den fyrste som planta ein vinhage.
21 Og han drakk av vinen og vart drukken, og so klædde han seg naken midt inni tjeldbui.
22 Og då Kam, far åt Kana'an, såg far sin liggja naken, gjekk han ut og sa det med båe brørne sine.
23 Då tok Sem og Jafet ei kåpa og la på herdane sine og gjekk inn baklengs og breidde kåpa yver far sin; og dei vende augo burt, so dei såg ikkje blygsli åt far sin.
24 Då so Noah vakna av ruset, fekk han vita kva den yngste sonen hans hadde gjort imot han.
25 Då sa han: Forbanna skal Kana'an vera! Den lågaste av alle trælen skal han vera for brørne sine.
26 So sa han: Lova vere Herren, Sems Gud, og Kana'an vera deira træl!
27 Gud gjere det romt for Jafet! Under tjeldi hans Sem skal han bu, og Kana'an vera deira hans træl.
28 Etter storflodi levde Noah endå tri hundrad og femti år.
29 Og alle dagane hans Noah vart ni hundrad og femti år. So døydde han.