«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Første Mosebok 8

1  Då kom Gud i hug Noah og alle villdyri og alt bufeet som var med han i arki, og Gud let ein vind fara yver jordi, og vatnet fall.

2  Og brunnane i djupet og lukone på himmelen stengdest, og regnet frå himmelen stogga.

3  Og vatnet drog seg etter kvart attende frå jordi, og vatnet minka, då hundrad og femti dagar var lidne.

4  Og den syttande dagen i den sjuande månaden tok arki grunn og stana på Ararat-fjelli.

5  Og vatnet minka meir og meir, alt til den tiande månaden; den fyrste dagen i den tiande månaden synte fjelltindane seg.

6  Og då fyrti dagar var lidne, let Noah upp vindauga på arki som han hadde gjort,

7  og slepte ut ein ramn, og den flaug til og frå, til vatnet hadde torna burt av jordi.

8  So sende han ei duva ut ifrå seg og vilde sjå um vatnet hadde sige undan frå marki.

9  Men duva fann ingen kvilestad for foten sin og kom attende til han i arki; for det stod vatn yver all jordi. Då rette han ut handi og tok henne inn til seg i arki.

10  So bia han endå sju dagar og sende so duva ut att or arki.

11  Og då det leid til kvelds, kom duva heim til han, og sjå, då hadde ho eit grønt oljetrelauv i nebben. Då skyna Noah at vatnet hadde sige undan frå jordi.

12  Men han drygde endå sju dagar til. So let han ut duva, og då kom ho ikkje att til han meir.

13  Den fyrste dagen i den fyrste månaden i det seks hundrad og fyrste året, då hadde vatnet torna burt av jordi. Og Noah tok taket av arki og såg utyver, og sjå, marki var turr.

14  Og den sju og tjugande dagen i den andre månaden var jordi heilt upp turr.

15  Då tala Gud til Noah og sa:

16  Gakk ut or arki, du og kona di og sønene dine og konone åt sønene dine med deg!

17  Og alle dei dyr som er hjå deg, alt kjøt, både fuglane og feet og alt kreket som krelar på jordi, skal du hava med deg ut, og dei skal yrja på jordi og alast og aukast utyver jordi.

18  So gjekk Noah ut, og sønene hans og kona hans og konone åt sønene hans med han.

19  Og alle dyri og alt kreket og alle fuglane, alt som røyver seg på jordi, gjekk ut or arki, kvart etter sitt slag.

20  Og Noah bygde Herren eit altar og tok utav alle dei reine dyri og utav alle dei reine fuglane og ofra brennoffer på altaret.

21  Og Herren kjende den gode angen, og Herren sa i sitt hjarta; Eg vil aldri meir forbanna jordi for menneskja skuld; for mannehjarta emnar berre på vondt alt ifrå ungdomen. Og aldri meir drepa alt liv, so som eg no gjorde.

22  Heretter skal sånad og skurd, og kulde og hete, sumar og vinter, og dag og natt aldri trjota, so lenge som jordi stend.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23