Første Mosebok 6
1 Då no manneætti tok til å aukast på jordi, og dei fekk døtter,
2 då såg Guds søner at mannedøtterne var vene, og tok til konor dei som dei kåra seg.
3 Då sa Herren: Ikkje skal min Ande døma æveleg hjå menneski; for di dei hev forset seg, er dei kjøt, og dagane deira skal vera hundrad og tjuge år.
4 I den tidi var det risar på jordi, og seinare og, av di Guds søner jamleg gav seg i lag med mannedøtterne og fekk søner med dei; det var kjempone, dei namngjetne, som var til fyrr i verdi.
5 Og Herren såg at vondskapen var stor hjå manneætti på jordi, og at alt dei tenkte og emna på i hjarto sine, det var berre vondt all dagen.
6 Då angra Herren at han hadde skapt menneskja på jordi, og han var full av sorg i hjarta.
7 Og Herren sa: Eg vil tyna menneskja som eg hev skapt, og rydja henne ut av jordi, både menneske og dyr og krek og fuglane i lufti; for eg angrar at eg hev skapt dei.
8 Men Noah fann nåde hjå Herren.
9 Dette er soga um Noah og ætti hans; Noah var ein rettvis og ulastande mann millom sine samtidingar; Noah gjekk på Guds veg.
10 Og Noah fekk tri søner, Sem og Kam og Jafet.
11 Men jordi vart verre og verre i Guds augo, og jordi vart full av urett.
12 Og Gud skoda jordi, og sjå: ho var utskjemd; for alt kjøt hadde skjemt seg ut med si åtferd på jordi.
13 Då sa Gud til Noah: Eg hev sett meg fyre at eg vil gjera ende på alt kjøt. For dei hev fyllt upp jordi med urett. Og no vil eg øydeleggja både dei og jordi.
14 Gjer deg ei ark av gofertre. Med kovar og kot skal du innreida arki og bræda henne med bek både innan og utan.
15 Soleis skal du gjera henne: Tri hundrad alner lang skal arki vera, og femti alner breid, og tretti alner høg.
16 Øvst på arki skal du gjera ein glugg som når ei aln ned på veggen. Og døri skal du setja på den eine sida. Du skal gjera arki trihøg, med mange rom i kvar høgd.
17 Og eg vil lata storflodi koma med vatn yver jordi og tyna alt kjøt under himmelen som det er livsande i. Alt som er på jordi, skal døy.
18 Men med deg vil eg gjera ei pakt, og du skal ganga inn i arki, du og sønene dine og kona di og konone åt sønene dine med deg.
19 Og av alt som lever, alt kjøt, skal du taka eitt par av kvart slag med inn i arki, so du held dei i live med deg. Han og ho skal dei vera.
20 Av alle slag fuglar og av alle slag dyr og av alt kreket på marki skal par og par koma inn til deg, so dei kann halda liv i seg.
21 Og du skal sanka av all den mat som etande er, og samla det til deg; det skal vera til føda for deg og for dei.
22 Og Noah gjorde so; han gjorde i alle måtar so som Gud sa han fyre.