«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Første Mosebok 50

1  Og Josef lutte seg ned yver andletet åt far sin og gret uppyver han og kysste han.

2  Og Josef bad lækjarane som han hadde i si tenesta, at dei skulde salva liket åt far hans. So salva dei liket åt Israel.

3  Og det gjekk fyrti dagar med til det; for so lang tid tek det å salva eit lik. Og egyptarane gret yver han i sytti dagar.

4  Då syrgjedagane etter han var utlidne, tala Josef til hirdi åt Farao og sa: Hev de aldri so lite godvilje for meg, so gjer vel og ber fram desse ordi mine til Farao og seg:

5  Far min tok ein eid av meg og sa: No lyt eg døy! I gravi mi, som eg let grava åt meg i Kana'ans-landet, der skal du jorda meg! Lat meg difor fara upp og jorda far min og so koma hit att!

6  Og Farao sa: Far du upp, jorda far din, som du hev lova han!

7  So for Josef upp og skulde jorda far sin, og med han for alle mennene åt Farao, dei høgste i hirden hans og alle dei øvste i Egyptar-land,

8  og heile huset hans Josef og brørne hans og husfolket åt far hans. Berre småborni sine og sauene og nauti sine let dei vera att i Gosen-landet.

9  Og det fylgde han både vogner og hestfolk, so det vart ei drusteleg ferd.

10  Då dei kom til Goren-Ha'atad, som er på hi sida åt Jordan, heldt dei ei stor og ovende vyrdeleg syrgjehøgtid, og han gjorde likferd etter far sin i sju dagar.

11  Og då kana'anitane, som budde i landet, såg likferdi i Goren-Ha'atad, sa dei: Det er ei drusteleg likferd egyptarane held der. Difor kalla dei staden Abel Misra'im*. Han er på hi sida åt Jordan.

12  So gjorde sønene hans so med han som han hadde sagt dei fyre;

13  dei førde han til Kana'ans-landet og jorda han i helleren på Makpelagjordet, det gjordet som Abraham hadde kjøpt av Efron, hetiten, til eigande gravstad, austanfor Mamre.

14  Og då Josef hadde jorda far sin, for han attende til Egyptar-land, både han og brørne hans og alle som hadde vore med han upp og jorda far hans.

15  Då brørne åt Josef såg at far deira var burte, sa dei: Berre Josef ikkje til å setja etter oss for alt det vonde me hev gjort mot han!

16  So sende dei bod til Josef og sa: Far din bad oss fyrr han døydde, at me skulde bera fram dette bodet til deg:

17  So skal de segja til Josef, sa han: Å kjære deg, tilgjev det brotet og den syndi brørne dine gjorde då dei for so stygt med deg! So tilgjev oss no brotet vårt; me tener då og same Gud som far din! Og Josef gret då dei tala soleis til han.

18  So kom brørne hans sjølve og kasta seg å gruve for han og sa: Sjå her kjem me og vil vera tenarane dine!

19  Då sa Josef: Ver ikkje redde! Er då eg i staden åt Guds?

20  De tenkte å gjera meg vondt, men Gud tenkte det til det gode, av di han vilde gjera som han no hev gjort, og berga livet åt mykje folk.

21  So ver no ikkje redde! Eg skal syta for dykk og borni dykkar. Og han hugga dei og tala blidt til dei.

22  Josef vart buande i Egyptar-land, både han og farsfolket hans. Og Josef levde hundrad og ti år.

23  Og Josef fekk sjå barneborn åt Efra'im og borni åt Makir, son hans Manasse, fekk han og taka i fanget.

24  Og Josef sa til brørne sine: No lyt eg døy. Men Gud skal lydast til dykk og fylgja dykk upp frå dette landet til det landet som han lova Abraham og Isak og Jakob.

25  Og Josef tok ein eid av Israels-sønene og sa: Når Gud kjem og lydest til dykk, då skal de taka beini mine med her ifrå.

26  Og Josef døydde då han var hundrad og ti år gamal, og dei salva liket hans og la det i kista i Egyptar-land.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23