«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Første Mosebok 5

1  Dette er boki um Adams-ætti: Den dagen då Gud skapte mennesket, skapte han det i Guds likning.

2  Til mann og kvinna skapte han dei. Og han velsigna dei og kalla dei menneske den dagen då dei vart skapte.

3  Då Adam var hundrad og tretti år gamal, fekk han ein son som var so lik han som det skulde vore hans eige bilete, og han kalla han Set.

4  Og etter Adam hadde fenge Set, levde han endå åtte hundrad år og fekk søner og døtter.

5  Og alle levedagane hans Adam vart ni hundrad og tretti år. So døydde han.

6  Då Set var hundrad og fem år gamal, fekk han sonen Enos.

7  Og etter Set hadde fenge Enos, levde han endå åtte hundrad og sju år og fekk søner og døtter.

8  Og alle dagane hans Set vart ni hundrad og tolv år. So døydde han.

9  Då Enos var nitti år gamal, fekk han sonen Kenan.

10  Og etter Enos hadde fenge Kenan, levde han endå åtte hundrad og femtan år og fekk søner og døtter.

11  Og alle dagane hans Enos vart ni hundrad og fem år. So døydde han.

12  Då Kenan var sytti år gamal, fekk han sonen Mahalalel.

13  Og etter Kenan hadde fenge Mahalalel, levde han endå åtte hundrad og fyrti år og fekk søner og døtter.

14  Og alle dagane hans Kenan vart ni hundrad og ti år. So døydde han.

15  Då Mahalalel var fem og seksti år gamal, fekk han sonen Jared.

16  Og etter Mahalalel hadde fenge Jared, levde han endå åtte hundrad og tretti år og fekk søner og døtter.

17  Og alle dagane hans Mahalalel vart åtte hundrad og fem og nitti år. So døydde han.

18  Då Jared var hundrad og tvo og seksti år gamal, fekk han sonen Enok.

19  Og etter Jared hadde fenge Enok, levde han endå åtte hundrad år og fekk søner og døtter.

20  Og alle dagane hans Jared vart ni hundrad og tvo og seksti år. So døydde han.

21  Då Enok var fem og seksti år gamal, fekk han sonen Metusalah.

22  Og etter Enok hadde fenge Metusalah, gjekk han på Guds veg i tri hundrad år, og han fekk søner og døtter.

23  Og alle dagane hans Enok vart tri hundrad og fem og seksti år.

24  Enok gjekk på Guds veg, og brått vart han burte; for Gud tok han til seg.

25  Då Metusalah var hundrad og sju og åtti år gamal, fekk han sonen Lamek.

26  Og etter Metusalah hadde fenge Lamek, levde han endå sju hundrad og tvo og åtti år og fekk søner og døtter.

27  Og alle dagane hans Metusalah vart ni hundrad og ni og seksti år. So døydde han.

28  Då Lamek var hundrad og tvo og åtti år gamal, fekk han ein son

29  og kalla han Noah og sa: Han skal hugga oss i arbeidet vårt og i alt vårt slit og slep på den jordi som Herren hev forbanna.

30  Og etter Lamek hadde fenge Noah, levde han endå fem hundrad og fem og nitti år og fekk søner og døtter.

31  Og alle dagane hans Lamek vart sju hundrad og sju og sytti år. So døydde han.

32  Då Noah var fem hundrad år gamal, fekk han sønene Sem, Kam og Jafet.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23